No har eg altså blitt 30 år. Og det er eigentleg heilt greitt. På sjølve bursdagen min gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte drøymer om å gjere. Eg lagde meg ein svær pizza med mykje ost, la meg framfor tv'en, stappa innpå og sovna tidleg. Nyyydeleg! Eg var heilt utslitt etter ei veke med fotoprosjekt og uteskule, og klarte ikkje eingong tenkje på cava. Heilt til dagen etterpå. Då fekk eg besøk av gjengen frå Bagn. Vi skulle gjere Vågå utrygt. Hadde planlagt friluftsfest i Finndalen, men sidan temperaturen var rundt null grader oppi der, tenkte eg at eg skulle spare gjengen for den opplevinga. Til glede for enkelte. Så festen vart hos meg i staden. Alltid moro når vi møtast. Og eg fekk mitt eige album med bilete, utklypp og velvalde ord frå dei mange mange åra vi har kjend kvarandre. Eg fekk også skikkeleg kaffimaskin. Takk og lov! Det har eg ønskja meg lenge. Men ikkje hatt samvit til å kjøpe. Elles drakk vi cava, åt grillmat, sprang rundt med tiara som blinka (eg altså)
- Hanne Blåfjelldal