Eg er ganske sikker på at eg aldri hadde høyrt omgrepet "Uteskule" før eg starta i jobben min i Vågå for litt over eitt år sidan. No er eg ein stor fan. Ikkje det at eg er nokon ekspert, men eg har lyst til å bli. Og i neste veke gjev vi det heile eit stort forsøk med ei heil veke med uteskule. Vi skal på bedriftsbesøk, på gardsbesøk og rundt omkring for å lære om både natur og kultur.
I tillegg til at vi skal vere utanfor skulen sitt område ei heil veke, skal i tillegg kvar enkelt elev bli utstyrt med kvart sitt kamera. I Vågå kommune har vi investert i eit klassesett med digitale kamera, sidan foto og visuell kunst er eit av satsingsområda våre. Gjennom dei siste månadane har ungar i barnehage og elevar i skulen take sine eigne bilete av "Mitt Vågå". Det heile skal ende opp i ei utstilling under Vågå-Dågå i juni. Kvar elev skal stille ut eitt bilete, og det vil også bli kåra vinnarar basert på stemmer frå publikum.
Uteskule treng ikkje vere skikkeleg avansert. Uteskule er eigentleg berre å flytte skuleverksemden ut i nærområdet. Folk som har skikkeleg peiling veit korleis dei skal få til matematikk, engelsk, norsk og samfunnsfag på ein artig og lærerik måte utanfor klasserommet. Eg er meir amatør, men tenkjer at ein må starte ein plass. Om ikkje anna skal eg klare å forklare forskjell på eit grantre og eit furutre, og kanskje eg til og med kjenner til nokre dyrespor. Eg er vel meir amatør når det kjem til å drepe fisk. Eller tre på ein mark på kroken. Slikt kjem eg aldri til å klare (bra innstilling, unge Blåfjelldal!).
Vel - det som er viktig er å vere nysgjerrig trur eg. I lag med elevane. Vi må også tørre å prøve. Tørre å flytte klasserommet ut. Også må vi sjølvsagt ta utgangspunkt i det vi som lærarar er gode på. Mine styrker er vel at eg er nysgjerrig, impulsiv, ikkje redd for å dumme meg ut og at eg er veldig glad i å fantasere og lage historier om alt eg ser. Slikt tenkjer eg også er viktig.
Og viss elevane spør meg om "Kva for dyr er det som har slik bæsj?" og eg ikkje har peiling, så tenkjer eg det er greitt vi har med kamera. Då kan eg seie: "Det må du finne ut av sjølv. Ta bilete av det, så sjekker vi på internett når vi kjem attende". Elevar som forskerpirar er tross alt viktigare enn at eg som lærar er eit levande leksikon som gjev elevane alle svara.

Kommentarer
Legg inn en kommentar