Reality-tv er tydeligvis det som skal redde bygda. Nyaste skot på stammen over "Bygde-reality" er "Gøy på landet" på TvNorge, som hadde premiere i dag.
Konseptet er slik: ein gjeng med jenter frå Oslo-området blir bussa rundt frå bygd til bygd. For å finne drømmemannen og drømmeplassen. Viss dei fell for sjarmoffensiven til bygda(som varar i fire dagar), kan dei velje å hoppe av bussen for å bli att der. Alle jentene skal visstnok ha lyst til å flytte frå byen til bygda.
Eg var skeptisk. Eg var skikkeleg skeptisk. Feministen i meg skrik; herregud, du treng vel ikkje ein mann for å flytte frå by til bygd? Er du lei av hovudstaden er det vel berre å flytte? Ta deg saman, jente!
Og eg tykkjer vel nokon av desse BygdeReality-programma har ein tendens til å byggje opp under fordommar og myter vi måtte ha om byen og bygda. Og er med på å forsterke bygda som ein harry plass der det luktar kumøkk, der folk går i FK-caps på butikken og det er umogleg å få tak i k
- Hanne Blåfjelldal