Det sa eg til meg sjølv med ein smule sarkasme då eg i mai vart vald inn i FrP sitt sentralstyre. I løpet av det siste året har to sentralstyremedlemmar i FrP sagt frå seg sine verv, og det kan verke som om skandalane i vårt parti aldri tek slutt. Prisen ein må betale for å ha sentrale verv i eit parti, er at feil vi gjer kan få så mykje større konsekvensar som ”sentral tillitsvald i FrP” enn dei ville gjort elles. Før eg takka ja til å gå inn i FrP sitt sentralstyre måtte eg tenkje gjennom om eg har gjort ting som ikkje tåler å bli slått opp på fyrstesida i ei riksdekkande avis. Spørsmål eg stilte meg var: Har eg betalingsmerknader? Kan det hende at folk har lite flatterande fyllebilete av meg? Eg måtte også tenke gjennom konsekvensar av framtidige handlingar. Eg hugsar eg tenkte gjennom eit hypotetisk tilfelle om å bli take i promillekontroll ein morgon etter at eg hadde drukke litt for mykje vin kvelden før. Som ”Vanlege Hanne” ville heilt sikkert innbyggjarane her i området
- Hanne Blåfjelldal