Det er ingen som er meir kritiske ovanfor Framstegspartiet enn Framstegspartiet sjølv.
I helga har vi i vårt landsstyre evaluert valkampen, diskutert situasjonen Framstegspartiet står i, og begynt å diskutere strategien vår framover. Det er ingen enkel jobb vi har framfor oss.
Vi gjorde eit dårleg val. Og tida etter valet har heller ikkje vore lett – med fallande oppslutnad på meiningsmålingane og nye skandalar vi har mått hanskast med.
Tidlegare veljarar rapporterer om eit parti som verkar både famlande når vi skal takle vanskelege organisatoriske sakar, og famlande når det gjeld politikk. Folk seier dei ikkje veit kva Framstegspartiet står for lengre, og at dei ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.
«Den viktigste grunnen er oss selv. Det er vi som har ansvaret når det går dårlig». Det sa Siv Jensen i helga. Det trur eg vi alle er einige i, og vi er no klare for å endre det ved oss sjølve som ikkje appellerer til veljarane.
Eg meldte meg inn i Framstegspartiet fordi eg har ei grunnleggjande tru på at enkeltmennesket er i stand til å ta vare på seg sjølv. Eg ønskjer lågare skattar og avgifter og eg ønskjer mindre offentlege inngrep.
Skal folk få behalde meir av inntektene sine, betyr dette sjølvsagt at vi må ha ein mindre offentleg sektor. Dette må vi våge å seie.
Vi må våge å seie at vi ønskjer at det offentlege skal ha færre oppgåver, og ikkje fleire. Dette er vanskeleg i ei tid der politikarar overbyr kvarandre i gode formål dei vil gje pengar til.
Vi må vere tydelegare enn vi har vore det siste året. Vi må klare å gje folk svar på dei utfordringane folk har i kvardagen, og vi må prate til folk. Vi må formidle at politikken vår heng saman. Det folk oppfattar no, er eit parti som seier ja til alt, og då blir Frp eit for utrygt val for folk.
Vi skal tørre der andre tiar, og vi skal stille spørsmål ved dei systema vi har i Noreg i dag. Vi skal vise ein grunnleggjande tru på enkeltmennesket, og prate meir om folk enn om system. Fordi vi har meir tru på folk flest enn det vi har på systema.
Problemet i dag er ikkje løysingane våre eller politikken vår, men retorikken vår. I dag har nok nemleg mange ei oppfatning av at Frp-arar og Frp skapar fleire problem enn det vi klarar å løyse. Det er dette vi må søke å endre i tida framover.
Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen, 24.oktober.

Kommentarer
Legg inn en kommentar