0348: vakne opp med ein kjeft som er omtrent limt saman av gørr. Stå opp for å pusse vekk all jævelskap og hente vatn. 0356: Attende i senga. Prøver å lese litt nettaviser på ipad'en. Sovner med armene rundt i'pad. 0624: Vaknar av at eg vrir meg. Har drømt noko så komplisert og kjedeleg at det bokstaveleg talt er eit mareritt å sove. Hugsar ikkje kva eg drøymte, men trur de handla om idiotar som hadde for stor makt i samfunnet. Må gå på badet for å pusse tennene, hente mer vatn og så sove att. 1050: Vaknar og finn ut at eg kan stå opp. 1056: Dreg meg ut av senga mens eg sutrar. Og frys. Tek på meg ullundertøy og svære ullsokkar og legg meg under eit pledd på sofaen. 1100: Svitsjer gjennom kanalane. Stopper på nyhetskanalen. Ser noko om elendigheit i verda, men tenkjer at ingen har det like ille som meg. 1110: Desperate housewives-maraton i gang på bliss. 1200: Begynner bli svolten, og har lyst på solo. 1215: Går på statoil for å kjøpe aviser, solo og potetgull. Ser meg
- Hanne Blåfjelldal