Når eg blir sjuk, så blir eg som ein liten unge att. Alt skal vere slik det var då eg var liten og vart pleie av Mamma. Det eineste som er problemet er at Mamma ikkje er her. Difor tykkjer eg grusomt synd i meg sjølv når det er tomt for solo, farris eller pepsimax og eg sjølv må gå på butikken for å kjøpe slikt. Det er godt bensinstasjonen ikkje ligg altfor langt unna, men eg er redd eg denne sundagen må ha verka som verdas mest fyllesjuke dame der eg kjøpte tre liter solo og ein pose sørlandschips. Usminka og ned surleppe som hang nedpå kneet.
Det eineste som duger når ein er sjuk, er solo og bokstavkjeks. Det var det eg fekk då eg var lten og det er det som funkar no. Difor er det fullstendig krise når ein går tom for bokstavkjeks på ein sundag. Sørlandschips funkar ikkje i det heile take. Og bensinstasjonene har ikkje bokstavkjeks.
Eg tykkjer grusomt synd i meg sjølv no. Det einaste fine er at kroppen sjølv kjenner at det er helg og difor kan bli sjuk. Å vere borte frå jobb er ikkje noko særleg. Dessverre er ikkje to helgedagar nok til å bli frisk. Eg må difor melde forfall til fyrste møte i komiteen min i oppland fylkeskommune i morgon. Eg likar ikkje å vere borte frå slikt, men i blant må ein berre skjønne at kroppen treng skikkeleg kvile.
Ja, det er vondt. Og eg hatar å vere sjuk. Men eg har fått sett filmane love, eat, pray (eller i annan rekkefølge) og Hangover2. Siste filmen må seiast å ha vore ein skikkeleg stor skuffelse. Eg trur ikkje eg skratta ein einaste gong. Så anten er eg frykteleg sjuk eller så var filmen verkeleg dårleg.

Redningen er nær.
SvarSlettDu kan no lasta ned bokstavkjeks appen til iPad, om du har ein, og ha tilgang til bokstavkjeks heile tida. :-)
http://itunes.apple.com/no/app/moro-med-bokstavkjeks/id500758318?mt=8&uo=4