Ute er det snø, åtte minusgrader og eg sitt i eit varmt hus og grublar over kva jula handlar om for meg. Om berre nokre dagar skal eg heim til familien min i Valdres for å feire jul. Eg er heldig. Eg har inntekt, bustad, bil og eg har menneske rundt meg som er glad i meg. Eg har hatt ein trygg oppvekst, men eg vart aldri skjemt bort med overdådige adventskalendrar og dyre julegåver. Det er eg glad for no, men ikkje då. Eg hadde to søsken eg måtte dele adventskalender med. Vi fekk ikkje pakke kvar dag, men kvar tredje dag. Eg hugsar enno kor fælt det var då eg fekk spørsmål på skulen om kva eg fekk i adventskalenderen, og måtte svare at eg fekk ingenting. Dette er tjue år sidan. Eg tør ikkje tenkje på korleis ein liten jente eller gut må ha det i skulekvardagen i 2011 viss du ikkje er av dei heldige som har adventskalender. Eller viss du berre får ei gåve på julekvelden, og det ikkje er noko fancy som Ipad, playstation eller nye merkeklede. For mange ungar er den verste skuled
- Hanne Blåfjelldal