Vi nordmenn har ofte ein tendens til å tru at nordmenn og amerikanarar er ganske like. Vi tenkjer ofte at USA og Noreg eigentleg er ganske like land. Vi tenkjer at vi tenkjer likt, sidan vi blir påverka av mykje av det same. Velstand, kultur og varer, for å nemne noko. At USA og Noreg er to veldig forskjellige land har vi ikkje minst fått sjå når det gjeld debatten om våpen. Mens vi i Noreg ikkje let politi få bere våpen , diskuterar dei i USA om lærarane skal få bere våpen. Dei fleste nordmenn reagerer med "sjokk" og gremmelse av eit forslag om at lærarar skal få bere våpen. For oss i Noreg er det heilt framand at vi skal ha våpen alle plassar for å beskytte oss sjølve mot desperadoar som kjem for å skyte vilt rundt seg. Vi har ikkje våpen i husa våre for å beskytte oss. For oss er det fortsatt ganske utenkeleg at vi skal bli utsett for drapsforsøk privat eller på jobb (sjølv om frykta opplagt er kome nærare). Nordmenn har fyrst og fremst våpen for å gå på jakt, noko s
- Hanne Blåfjelldal