Inniblant arbeidet med plan for mitt eige liv og andre ting ein brukar sundagar til, må eg også bruke litt tid på å reflektere over Melodi Grand Prix. Dei to fyrste delfinalene har ikkje gjeve meg håp om finaleplass i Baku i år. Eg er ein stor MGP-fan. Eg er så stor fan at det skal mykje til for at eg ikkje er heime for å sjå MGP dei laurdagane dette er på tv. Det blir prioritert framom det meste anna. Og når MGP er over, er vi midt inne i den svenske melodifestivalen. Og Melodifestivalen har stort sett mykje betre kvalitet enn MGP - både når det gjeld show og nivået på artistane. Så slik blir vinteren ikkje så aller verst likevel. Etter å ha lese mange av kommentarane på debattforumet til NRK sine MGP-sider , skjønner eg likevel at eg nok berre er ein leikefan. Til dømes må eg bruke tre av fire laurdagar i februar på møte/middagar. Noko som irriterar meg grenselaust. Men då må MGP vike. Det fine er at eg nok har rukke å høyre alle låtene i forkant, så eg kan seie: "Neiiii...v
- Hanne Blåfjelldal