Det er no lenge sidan eg har gløtta på lista over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Men i dag var tida inne for å gjennomføre ein ting til. Eg er i Oslo, og i dag bestemte eg meg for at tida er overmoden for å gå på kino åleine (eg var på kino åleine i Denver då eg reiste åleine på tvers av USA, men det reknar eg ikkje med sidan settinga var heilt annleis).
Filmvalet var feigt, men enkelt. Eg har ikkje fått sett The Iron Lady endå, og det er jo liksom ein film eg berre MÅ sjå, som den gode liberalisten eg er. Og ja; eg veit det er ein film det kanskje er meir akseptabelt å gå åleine for å sjå, enn filmar i mange andre genre, men eg hadde lyst til å sjå denne filmen. Og ja, eg gjekk på framsyning klokka 13, men det var då eg hadde tid (og ja, sjølvsagt hadde det vore tøffare å kvinne seg opp for å sjå ei kveldsframsyning).
Det var mindre pinleg enn eg hadde frykta. Eg var stolt, så stolt då eg gjekk inn i kinosalen. Eg gjekk med heva hovud, kom inn presis klokka 13, midt under reklama. Titta litt på dei andre som var komen. Høg gjennomsnittalder, og mest folk i par. Men, eg la merke til at det også var eit par-tre andre som også var åleine på kino. Noko som får meg til å tru at det er meir vanleg å gå åleine på kino enn eg har trudd. Ingen stirra med medkjensle i blikket på meg heller. Ikkje som eg følte i alle fall. Men meget mogleg eg berre var så høg på meg sjølv at eg ikkje merka det.
Eg hadde heldigvis ingen ved sidan av meg i kinosalen hellar. Det var mange ledige plassar. Det gjorde nok at opplevinga vart lettare enn frykta.
Rett etter at ljoset var skrudd av, kjem det inn ein mann. Åleine som meg. Viss det hadde vore på film, hadde dette vore draumemannen, som hadde sett seg i det ledige setet ved sidan av meg. Saman hadde vi sippa til Jernkvinnen, og det hadde vore starten på ei fantastisk kjærleikshistorie. Men slikt skjer berre på film, og draumemannen tok plass tre seterader framfor meg.
Men sippe gjorde eg. Det fine med å vere åleine på kino er at du kan sippe utan at vener eller date ser på deg som ein soft person. Eg liker ikkje at folk ser meg grine, men åleine på kino er det lov. Ikkje hulke, men ha litt tårer i augekroken. Eg skratta høgt eit par gonger også. Det vart litt feil. Det er lettare å skratte høgt når du er saman med nokon. Men lettare å gråte når ein er åleine.
Alt i alt var dette ei knallfin oppleving. Det er ingen eg heller ville sett denne filmen med enn meg sjølv.
Eg kjenner likevel at det trengst litt meir mot til før eg går og ser ei romantisk komedie åleine. Eg tør ikkje risikere å havne midt mellom to par som sitt og kliner og skrattar gjennom heile filmen.

Kommentarer
Legg inn en kommentar