Eg skal
skifte jobb. Frå og med 1.august blir eg lærar. Eg har visst det lenge at det er lærar eg skal bli, men eg har hatt det så fint i jobben min som prosjektleiar i Vågå. Det har eg fortsatt.
Eg fekk drømmejobben då eg flytta frå Oslo til Vågå, som prosjektleiar for eit samfunnsutviklingsprosjekt med mål om å lage Noregs beste skule. Men prosjekt er prosjekt, og eg kan ikkje vere prosjektleiar for alltid. Eg visste difor at eg ikkje ville klare å halde oppe energinivået i nok eit år som prosjektleiar, og dessutan trur eg det er sunt for både meg sjølv og for satsinga i Vågå at andre tek over. For eg kan ikkje vere der for alltid.
Hovudgrunnen til at eg bytar jobb er likevel at eg har ein draum. Eg har ein draum om å jobbe som lærar. Å medverke til at unge menneske tenkjer sjølv, og utviklar seg til gagns menneske. Det er kva eg vil gjere, og det er det eg skal gjere.
Eg begynte difor å søkje lærarjobbar med ein gong stillingane for neste skuleår vart lyst ut. Eg har søkt fleire plassar. Eg søkte der eg tykte det høyrtes triveleg ut å bu eller jobbe. Det var ikkje alle plassar eg søkte. Eg ønskja meg til ein plass eg ikkje kjende frå før, og der folk heller ikkje visste kven eg var. Eg var klar for å oppleve noko nytt.
Høyanger kommune var tidlegast ute med utlysinga si. På nynorsk.
Høyanger kommune var også tidlegast ute med å invitere meg i til intervju.
Høyanger kommune var fyrst ute med å gje meg eit jobbtilbod.
Eg likte klangen i namnet. Eg likte folka som møtte meg. Eg tenkte umiddelbart: dette er nok ein plass eg kunne tenkje meg å bu.
Eg reiste over til Høyanger. Høyanger møtte meg i strålande sol. Elevane var blide. Dei vaksne var blide. Eg følte heile kommunen ønskja meg velkomen. Til tross for at bilen min så vidt fekk plass på vegen inn dit.
Eg har takka ja til jobb i Høyanger og skal etter planen flytte dit i løpet av sommaren og startar i ny jobb 1.august.
Eg gler meg. Eg kjem ikkje til å ombestemme meg. Men eg kjenner litt på frykta.
Kva er det du driv med? Du som trivst så godt i Vågå, Hanne? Du som eigentleg har tenkt å flytte attende til Oslo, Hanne? Tenk om du ikkje kjem til å trivst klemt mellom fjord og fjell, Hanne? Tenk om du ikkje får nokon vener der, Hanne? Er det ikkje på tide å slå seg til ro med mann og barn, Hanne?
Men eg vil oppleve ulike stader. Eg vil oppleve ulike menneske.
E g er
livredd for å slå meg til ro. Eg er livredd for å kjede meg. Eg vil ha det moro. Eg vil leve ut draumane
mine. Draumane mine handlar ikkje om å byggje hus, få meg ungar og mann - korkje i Vågå eller Oslo. Draumane mine
handlar om noko heilt anna.
No skal eg bli lærar. Eg skal bli Noregs beste lærar.
Eg kan knapt vente til skulestart i august når eg sett i gang med det som truleg blir mitt livs største utfordring; å føle eg strekk til som pedagog og som medmenneske.
Min største draum akkkurat no er å klare nettopp det.
Eg fekk drømmejobben då eg flytta frå Oslo til Vågå, som prosjektleiar for eit samfunnsutviklingsprosjekt med mål om å lage Noregs beste skule. Men prosjekt er prosjekt, og eg kan ikkje vere prosjektleiar for alltid. Eg visste difor at eg ikkje ville klare å halde oppe energinivået i nok eit år som prosjektleiar, og dessutan trur eg det er sunt for både meg sjølv og for satsinga i Vågå at andre tek over. For eg kan ikkje vere der for alltid.
Hovudgrunnen til at eg bytar jobb er likevel at eg har ein draum. Eg har ein draum om å jobbe som lærar. Å medverke til at unge menneske tenkjer sjølv, og utviklar seg til gagns menneske. Det er kva eg vil gjere, og det er det eg skal gjere.
Eg begynte difor å søkje lærarjobbar med ein gong stillingane for neste skuleår vart lyst ut. Eg har søkt fleire plassar. Eg søkte der eg tykte det høyrtes triveleg ut å bu eller jobbe. Det var ikkje alle plassar eg søkte. Eg ønskja meg til ein plass eg ikkje kjende frå før, og der folk heller ikkje visste kven eg var. Eg var klar for å oppleve noko nytt.
Høyanger kommune var tidlegast ute med utlysinga si. På nynorsk.
Høyanger kommune var også tidlegast ute med å invitere meg i til intervju.
Høyanger kommune var fyrst ute med å gje meg eit jobbtilbod.
Eg likte klangen i namnet. Eg likte folka som møtte meg. Eg tenkte umiddelbart: dette er nok ein plass eg kunne tenkje meg å bu.
Eg reiste over til Høyanger. Høyanger møtte meg i strålande sol. Elevane var blide. Dei vaksne var blide. Eg følte heile kommunen ønskja meg velkomen. Til tross for at bilen min så vidt fekk plass på vegen inn dit.
Eg har takka ja til jobb i Høyanger og skal etter planen flytte dit i løpet av sommaren og startar i ny jobb 1.august.
Eg gler meg. Eg kjem ikkje til å ombestemme meg. Men eg kjenner litt på frykta.
Kva er det du driv med? Du som trivst så godt i Vågå, Hanne? Du som eigentleg har tenkt å flytte attende til Oslo, Hanne? Tenk om du ikkje kjem til å trivst klemt mellom fjord og fjell, Hanne? Tenk om du ikkje får nokon vener der, Hanne? Er det ikkje på tide å slå seg til ro med mann og barn, Hanne?
Men eg vil oppleve ulike stader. Eg vil oppleve ulike menneske.
No skal eg bli lærar. Eg skal bli Noregs beste lærar.
Eg kan knapt vente til skulestart i august når eg sett i gang med det som truleg blir mitt livs største utfordring; å føle eg strekk til som pedagog og som medmenneske.
Min største draum akkkurat no er å klare nettopp det.
Gratulerar og lukke til!
SvarSlettVelkomen til framtidsfylket :-) Kjekt å lese kvifor det vart Høyanger, og eg håper du kjem til å trivast.
SvarSlettGod dag Hanne. DU hugsar sikkert ikkje meg, eg var tidligare medlem av FPU då du sat i sentralstyre. EG bur no i Høyanger og trivast godt med det. DU kan berre gleda deg, men mannfolk eller kvinnfolk finn du ikkje her.. hehehe..
SvarSlett