Eg blir meir og meir overtydd om at spesialundervisninga i norsk skule må fjernast. Spesialundervisning skulle vere ein eksklusiv rett for ei lita gruppe. I dag er det eit stadig aukande elevtal som får slik undervisning. Det er ei kjend problemstilling at spesialundervisninga blir sett inn altfor seint i norsk skule. Vi har sein innsats i staden for tidleg innsats. I tillegg ser det ut til at spesialundervisninga ikkje fungerer. Faktisk kan den i mange tilfelle gjere vondt verre. Stadig meir av dei kommunale budsjetta blir bunde opp i spesialundervisning. I undervisning ofte utført av assistentar eller personell utan kompetanse på spesialpedagogikk. Når så mange pengar blir bunde opp i spesialundervisning, går det utover den tilpassa opplæringa. Dette er ein veldig vond sirkel, som kjem til å bli berre vondare om vi ikkje stoppar opp og vurderer heile spesialundervisinginstituttet. Dess mindre ressursar det er å setje inn i ordinær undervisning, dess van
- Hanne Blåfjelldal