Tidlegare i år fullførte eg nok ein ting på lista over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Eg reiste til det berømte syden åleine (vel, ikkje her heller var eg åleine, men eg reiste utan reisefølgje).
Eg hadde akutt behov for ferie, og eg visste eg ville få problem med å ta ut all ferien min før eg slutta i jobben, så eg køyrte på og bestilte meg tur i ei rolig periode på jobb. Eg fann råbillig tur (det kan eg berre gløyme når eg blir lærar og har ferie når "alle andre" også har det). Destinasjonen vart noko tilfeldig Kreta. Eg oppdaga nett no at eg ikkje har eit einaste bilete frå turen, så dette blogginnlegget og skildringane frå turen blir utan bilete.
Eg hadde fleire mål med turen. Lese flest mogleg bøker, ikkje vere på facebook og twitter, prate minst mogleg, skrive på boka mi og ligge i sola timar i strekk utan å tenkje på andre enn meg sjølv.
Det viktigaste var likevel å unngå tomprat og det å forholde meg til andre menneske. Difor var den største frykten å treffe nokon eg kjenner på turen. For det fyrste; du føler då at du må forsvare at du reiser åleine på tur. For det andre; du må tomprate med folk du ikkje er interessert i å omgås.
Ganske tidleg på Gardermoen er det nokon som seier hei til meg. Dei ser kjende ut, men eg klarar ikkje plassere dei. Eg må ha sett heilt forvirra ut, for ho dama seier; "beklager, du kjenner sjølvsagt ikkje oss. Vi kjem frå X(ein plass i Valdres)". Eg får trøkt ut av meg at joda, det er noko kjend, før eg går vidare. Verka sikkert som verdas mest uhøflege menneske (eg kjende dei att altså, men om eg hadde klart å finne ut kva dei heiter? Neppe!).
Eg sa: pliz, pliz, pliz, lat dei ikkje vere på same turen som eg skal på. Sjølvsagt skulle dei det. Frå eg boarda flyet til eg var på hotellet hadde eg nasen i ei bok. Eg las mens eg satt, mens eg gjekk og mens eg stod. Alt for å sleppe unna folk og tomprat.Uhøfleg ja, men eg reiste på tur for å vere i fred!
Kom fram. Endeleg framme på hotellet eg skal bu på. Ikkje spor av kjenstfolk. Eg får sjekka inn. Får rom med terrasse på grunnplan. Fyrste håplause ting. Kjem fram omlag klokka 0200 på natta, og då går det ein vakt rundtomkring. Eg sett meg ut på terrassen for å ta eit glas vin. Vakta krinsar rundt terrassen min. Mogleg han er kjekk, men eg vil vere i fred. Reiser ikkje til Hellas for å sjekke opp Stavros. Det viser seg at kvar kveld eg sit på terrassen for å skrive, drikke vin og ete oliven, så krinsar han vakta rundt omkring (han gjekk på vakt klokka 23). Prat om å vere i fred, du!
Eg hadde ei flott veke. Dei hadde treningsrom på hotellet, så eg fekk trent kvar dag. Eg fekk sola meg kvar dag, og eg las sju bøker. Eg skreiv ein heil del, og eg drakk ein heil masse vin.
Eg var ute og åt middag åleine to kvelder. Og det er eigentleg det verste med å reise åleine. Du føler alle stirer på deg og lurer på kvifor du reiser åleine. Det var sjølvsagt også nokre av servitørane som lurte på det. Eg sa eg reiste ned for å skrive, men hadde mest lyst til å svare: "For å vere i fred".
Plassen eg reiste til var dritkjip (Platanias eller eit eller anna heitte det). Berre nordmenn og skikkeleg turistete og stygt, men det skal eg ikkje klage på når eg reiser til "Syden". Men eg reiste for å slappe av, og då spelar det ingen rolle eigentleg kor du er hen. Eg reiste jo ikkje på ei einaste utflukt, og det lengste eg bevega meg vekk frå hotellet var vel omtrent to kilometer.
Kom heim att utkvilt på ein heilt annan måte enn når du reiser med folk. Då må du alltid gje mykje av deg sjølv. No kunne eg berre gå rundt å vere sur ei heil veke blant folk eg ikkje kjende, og det passa meg bra. Sakna eg reisefølgje? Ja, når eg hadde lyst til ut for å ete middag. Neste gong reiser eg til Syden med ein person som kan bu på eit anna hotell, og som eg kan møte to eller tre kveldar til middag. Det hadde vore perfekt!
Kjem eg til å reise til "syden" åleine att? Skal ikkje utelukka det altså. Charter er veldig avslappande fordi alt er ordna, men du føler deg dum når du er åleine på chartertur (spesielt på flyturen og bussturen til hotellet). Det går mykje lettare når du tek vanleg rutefly og mekker saman opplegget sjølv. Men alt i alt så trivst eg veldig godt med å reise åleine, men ikkje så godt åleine på chartertur.

Kommentarer
Legg inn en kommentar