Trappene i Høyanger
Høyanger er kjend for to trapper. Ei på 2500 trinn og ei på omlag 1250 trinn. Den siste heiter Siplo-trappa, og er den du ser på bilete. Eg gjekk til toppen i den veldig bratte trappa, og under kan du sjå fleire bilete frå mi ferd mot toppen. I gode gamle dagar gjekk trappa forresten mykje lenger. Då sprang Einar Førde opp tråppa for å kome seg til fjells for å gå på ski (las eg i boka hans om Høyanger). Ikkje rart dei var mykje sprekare før i tida....Frå Høyanger-sentrum
Noko slite rådhus.
Telefonkiosk!! Det er så herleg!
Opningstider på polet. Veldig viktig!
Litt av industriområdet i Høyanger. I regntungt vêr. Å regne gjer det visst ofte her. I følgje Einar Førde.
Tell Teigen-monumentet
Tell Teigen var ein kjend balansekunstnar og sirkusartist frå Høyanger. Monumentet nedanfor er også ein "norsk attraksjon" og sjølvaste Linda Eide var på besøk her i Høyanger for å omtale dette.
Høyangerbadet
Måtte jo berre ta med denne skrivefeilen. Men Høyangerbadet er eit flott symjeanlegg og med sklier, stupebrett og alt det folk vil ha. Godt å vite at elevane på Høyanger skule har alle moglegheitar til å få god symjeopplæring også.
Sky i fjellet
Ikkje vant til å sjå skyer som liksom ligg oppetter fjellsidene, men har sett mykje rart etter eg kom hit. Og lokale byger har verkeleg fått ny meining. Du kan faktisk omtrent gå ein meter, og då har du bevega deg frå sol til regn.
Var med å lande med et sjøfly i Høyanger - Havet var så speiblankt at vi ikke så hvor havet begynte, så flygern turde ikke lande. Men etter å ha fløyet over vannet noen ganger klarte vi framkalle litt krusing slik at vi kom oss nedpå. Kjente meg plutselig igjen på bildet av fjorden bak deg(?).
SvarSlettHei. Er ikkje helt sikker på kordan eg fant denna bloggen, men eg eg liker måten du blir kjent med heimbygda mi på :), Venner, kollegaer og liknende går seg fort til...
SvarSlettVelkommen til bygda.
Fra en student som i største grad har flytta vekk i fra Høyanger for å studere :)