Har i går og i dag vore turist på ny heimplass. Her kan du sjå nokre bilete av turistattraksjonar og anna som blir viktig for meg i tida framover.
Rett etter innkøyringa til Høyanger etter at du kjem gjennom Høyanger-tunnelen frå Balestrand kommune. Høyangerbadet (og fyrste skrivefeil eg fann i Høyanger)
Høyanger vidaregåande skule.
Hovudbygget på Høyanger skule. Det er her klassa mi, 8a, skal ha klasserom. Dette bygget er for 5-10.klasse.
Skulebygget der 1-4.klasse held til.
Administrasjonsbygget på Høyanger skule, og der eg skal ha arbeidsrom/arbeidspult.
Bustadområdet i sentrum av Høyanger.
Høyanger samfunnshus, der mellom anna min gode ven biblioteket er. Og for eit bibliotek!!
Her er ein eigen avdeling med "chic lit". Er det kult enn?
Kjærleiksavdelinga. Kiosklitteraturavdeling, eller husmorporno om du vil.
Eg lånte denne (som alt er lese ut). Kva for bibliotek låner ut signerte utgåver av Einar Førde sin litteratur? DET er kult. Fyrste signerte utgåve også.
Industristadmuseet var eigentleg ikkje ope, men snille bibliotekfolka slapp meg inn likevel.
Kommentarer
Legg inn en kommentar