Eg sit no ute på verandaen min og ser på fossane som fell nedover dei bratte fjellsidene her i Høyanger. Eg kosar meg med eit glas vin mens eg tenkjer på kva i alle dagar eg har gjeve meg ut på. Eg kjenner ikkje ein sjel her (med unntak av sjef for kommunale bustader då, og dei kollegaene eg hilsa på sist eg var innom) og eg lurer litt på korleis dette i alle dagar skal gå. Flytte hit åleine til Høyanger. Kva er det du finn på, jente?
Eg kom med flyttelasset i går. Det vil seie, Pappa køyrte flyttelasset for meg (korleis skulle eg klart meg utan snille foreldre?). Så mange ting! No har eg levd i kaos i omlag eit døgn, men no begynner eg heldigvis å kome til orden. I den kommunale bustaden eg leiger. Som heldigvis er ganske fin, men eg har funne mange daude kryp under vask i dag, og krypa ser ut som slik eg forestiller meg at kakkerlakkar ser ut. Eg tenkjer det er eit godt teikn at dei er daude.
Eg har hage også, men har heldigvis ikkje sett brunsnigler der. På vegen innover hit i går høyrte eg på NRK Sogn og Fjordane, og då var det eit langt innslag om korleis ein skal drepe brunsnigler mest effektivt. Eg skjønte då at det truleg var eit stort problem her. Uansett; det var veldig hyggeleg å høyre på NRK Sogn og Fjordane. Det var så koseleg. Og eg tenkte; her kan eg høyre heime!
Føler eg at eg høyrer heime no? Ikkje akkurat.
Eg har vore på butikken i dag og i går. Eg kjende ingen der. Eg prøvde å smile til dei eg såg, men eg kjende eg var litt sjenert. Føler meg dum viss eg går rundt og smiler heile tida også. Kan jo sjå heilt psyko ut. Men eg tenkjer det kanskje hadde vore verre viss eg hadde helsa på absolutt alle eg traff ved frysedisken på Coop.
I dag har skodda hengt ned i dalen eg bur i, slik at eg knapt har sett toppen på fjella. Og ja, det er bratt her. Veldig bratt! Og frå bustaden min ser eg ingen veg ut. Eg er noko redd eg vil føle meg innesperra her, og bli noko sprø. Men eg tenkjer at då får eg berre begynne å skrive dikt. Så får eg sikkert noko bra ut av det også.
Om eg er spent? JA! Eg reiser frå ein plass der eg har fått mange nye vener og der eg har hatt det fantastisk bra. Men eg har no ein barnsleg glede av å pakke ut ting og dekorere min nye bustad. Ein slik barnsleg glede du berre har når du er heilt ny ein plass, og kan forme framtida (og bustaden) akkurat slik du sjølv vil. Det er heilt reint i leiligheten min, eg har kvitta meg med gamalt ræl og eg føler eg eg klar for å utforske nye omgjevnader.
Eg er spent. Eg er redd. Eg er bekymra. Men eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde å flytte hit.

Lykke til Hanne. Du blir nok fort kjent med folk tenker jeg. Du er trivelig og interessert, så dette går nok bra.
SvarSlettKlem og gode ønsker fra Grete