Gå til hovedinnhold

To keep or not to keep

Eg har no begynt å rydde i ræl. Eg køyrer flyttelass om ti dagar og eg nektar å ha med meg alt av ting i kåken min. Sidan eg ikkje bruker meir enn ein brøkdel av det eg har, er det på tide å kvitte seg med ein del.

Her har eg take fram pappen eg har til å pakke i. Det er eit mareitt å sortere alt ein har, men det er naudsynt. Her er det cd'ane mine som skal få gjennomgå (eg høyrer stort sett ikkje på cdar anna enn i bilen lenger).

Men å avgjere kva som skal bort og kva som ikkje skal bort, er ikkje lett. Berre sjå her.

Seksjonen min, som eg er veldig glad i, men som er stor og som eg ikkje er sikker på om eg får plass til i ny leilighet. Denne havnar i "not to keep" viss nokon kjem og hentar han. Han er enkel å frakte med seg, men det trengst plass!

Romaskin frakta frå Trondheim-Lillehammer-Oslo-Valdres-Vågå. Det har gått opp for meg at roing ikkje er noko for meg, så denne kvittar eg med. Kjøpte den dyrt. Gjev den bort no.


Eg elskar desse skoa, men det er på tide å forstå at dei er små. Berre dumme folk kjøper for små converse og tenkjer at "det går seg til". Eg brukar dei ikkje fordi det gjer vondt å bruke dei, og då havnar dei i "not to keep".

"Kunst" som resultat av då eg fann ut eg skulle måle ut kjenslene mine. Har fortsatt ein nostalgisk verdi for meg. "Keep".

Fine sko, men som har vore i skoskåpet i fleire år og som eg aldri ser ut til å få høve til å bruke. Not to keep.

Jada...kjøpt på sal for 39 kroner i eit augenblikk der eg trudde eg kunne trenge ei slik handbok. Den er endå ulest. Nokon vil sikkert hevde eg burde lese i ho, men....

Prosa etter 1900. Frå då eg tok grunnfag i nordisk. Ikkje bladd i ho sidan, men no skal eg jo bli norsklærar og veit aldri kva eg får bruk for. Keep.

Gode bøker, men les liksom ikkje krim meir enn ein gong. Not to keep.

Utruleg harry koppar kjøpt på Hawaii. Tre stk. Brukast i blant seint på kvelden på fest for å blande søte drinkar i. Not to keep.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser