Eg møter alltid opp minst ein time før flyavgang. Eg har panikk for å kome for seint til ting. Å ikkje rekke eit fly, ein buss eller eit tog står for meg som eit stort mareritt.
Eg begynner å skjønne at eg ikkje treng å vere ute i god tid før flyavgang på Førde lufthavn Bringeland. Det finst ikkje kø framfor noko som helst. Så no har eg ein god time før flyet mitt skal frakte meg til Oslo. I lag med dei fire andre menneska som sitt i venterommet her. Vi ventar på at flyet skal kome. Flyet vårt. Flyet mitt.
Det er nesten som det er flyet mitt. Eit lite propellfly med få seter. Som ristar skikkeleg. For meg som har ein smule flyskrekk er desse flyturane med propellfly eit mareritt. Eg er sikker på eg skal døy kvar einaste gong. Og tenkjer; kvifor søren har eg ikkje skrive eit testamente med beskjed om kva som skal skje med alle dagbøkene mine og ting eg har skrive. Boka eg ikkje har rekke å gje ut, som ligg halvferdig på mac'en min. Kva skal skje med den?
Dagbøkene må de brenne. Brenne eller makulere. Det vil eg ikkje at nokon skal lese. Boka mi kan berre bli fullført av meg, men de kan gjere kva de vil med ho.
Eg kjem ikkje til å døy no heller. Eg skal til Oslo for å lage utdrikkingslag for ho eg skal vere forlover for i eit bryllaup om to veker. Og alt dette skal eg få med meg.
Det er godt å bu på bygda. Men fy søren så godt det er å rømme frå alt også. Og flykte til storbyen i eit lite propellfly. Ingenting er betre enn det. Ein gong i blant er eit lite propellfly alt som skal til for å få ei halvung jente til å føle seg fri.

Kommentarer
Legg inn en kommentar