Eg har fått ein ny respekt for vekedagen sundag. Det er no blitt min favorittdag. Ikkje fordi eg ikkje trivst dei andre dagane eller fordi eg ikkje likar jobben min, men fordi eg rett og slett får slappa maks av og får førebudd den neste veka. Det er den dagen i veka eg kan gå og legge meg med størst ro fordi eg føler eg har hatt ein heilt herleg dag.
Som i dag. I dag har eg baka knekkebrød og rundstykke og skrive innlegg til Dagsavisen sin utgåve i morgon. I tillegg til dette var eg tre timar innom kontoret for å førebu neste vekes undervising. Og ja, også har eg vurdert i underkant av tjue innleveringar opp mot vurderingskriterium og gjeve karakaterar.
Og føler eg at eg har hatt ein travel dag? Nei. Eg har fått slappa av med å sjå på nett-tv, har sett to epiosoder av Sex and the city og elles drukke kaffikopp(ar) i full ro.
Skulle eg ønskje sundagen varte lenger? Ja. Eg gruar meg allereie til å stå opp klokka seks i morgon tidleg, men ser fram til å treffe elevane og vere lærar att.
I kveld kom bodskapen om at Prinsesse Ragnhild har gått bort, noko som gjorde sundagen litt tristare. Som den monarkisten eg er tykkjer eg det er trist når nokon i kongefamilien går bort. Sundagen har blitt avslutta med å tenne eit lys og eitt minutt stillheit her i huset mitt i Høyanger.

Kommentarer
Legg inn en kommentar