Det spørsmålet har eg stilt meg sjølv mange gonger den siste veka. No har det regna ei veke i strekk her i Høyanger. Det lengste det har vore opphald har vore to timar, trur eg.
Eg tenkjer det er godt eg har bil. Eg har gått lite til jobb dei siste dagane. Men heldigvis har eg fått meg fine nye gumistøvlar, så det er eigentleg ein leik å vandre rundt i søledammar. Det er liksom noko anna når korkje paraply eller regnjakke hjelp fordi det regnar sidelengs. Og det kan det gjere her i Høyanger.
Eg trudde ikkje det gjekk an at det regna så mykje, eg. Så naiv var eg. Men det er eigentleg litt sjarmerande. Spesielt å sjå på at fossane som dett nedover fjellsidene blir større og større. Du skjønner liksom at det vart bygd ut industri her fordi krafta var nært tilgjengeleg. Høge fossefall og mykje regn er nok ein god kombinasjon. For kraftkrevjande industri. Ikkje for å gro plantevekster!
Dei neste tre døgna er det spådd 120 mm regn til saman. Det er mykje det! Eg trur ikkje eg har opplevd så mykje regn i heile mitt liv før.
Eg tenkjer det er ein fordel at eg har ein krevjande jobb, og at eg ikkje har anlegg for å bli deperimert.
Og regnet har lært meg ein ting; skal du ut for å jogge eller gå tur kan du ikkje vente på opphald. Då kjem du deg aldri ut!

Kommentarer
Legg inn en kommentar