VG-nett skriv i dag at fire av ti nordmenn ønskjer å innføre karakterar frå 5.trinn. Det blir vist til at både Framstegspartiet og Høgre ønskjer å innføre karakterar, og at dette kan bli ein realitet frå og med neste haust. Eg håper ikkje det blir eit pålegg om karakterar frå 5.steg.
Eg har hatt den store gleda av å leie temautval for skule, utdanning og forsking i Framstegspartiet. Vi hadde som mandat å kome med vårt forslag til nytt partiprogram på området og levere dette til programkomiteen i Framstegspartiet. Det gjorde vi for to veker sidan.
Vårt forslag til ny programtekst for Framstegspartiet er: Framstegspartiet ønskjer å gje skuleeigar fridom til å starte med karakterar frå 5.trinn.
Eg er motstandar av å pålegge skulane karakterar frå 5.trinn, men eg tykkjer det er heilt greitt å gje skulane og skuleeigar fridom til å innføre karakterar om dei ønskjer det. Slik kan Oslo kommune få lov til å innføre karakterar om dei meiner dette fører til betre resultat i skulen.
Vurdering er viktig, og eg meiner det er rett at det blir satsa mykje på vurdering om dagen. Vurdering er utruleg viktig for elevane sitt læringsutbytte, og eg trur at vi gjer rett no når vi pratar om undervegsvurdering og framovermeldingar. For at elevane skal bli betre veit vi at det er andre ting enn karakterar som er viktig. Det viktigaste er at eleven veit akkurat kva han eller ho må gjere for å oppnå høgare kompetanse, og at dei veit kor dei ligg samanlikna med kompetansemåla. Dette er ikkje berre lett, og krev at du jobbar systematisk med vurdering og metakognisjon.
MEN, vurdering er så mykje meir enn karakterar. Ein karakter er berre eit tal, som seier noko om nivået du ligg på. Eg er ikkje motstandar av karakterar, men dei må brukast rett. Dei må kome i saman med ein skikkeleg skriftleg vurdering der du seier noko om kva eleven må gjere betre for å få ein betre karakter. Målet for oss som jobbar i skulen er at elevane skal lære mest mogleg, ikkje samanlikne seg med andre. Som eg seier til elevane mine: "Du skal konkurrere mot deg sjølv, og målet må vere at du skal få ein betre karakter neste gong, ikkje betre karakter enn veninna di".
Eg vil gje skulane større fridom i vurderingsarbeidet. Difor meiner eg skulane/skuleeigarar bør ha fridom til å innføre karakterar frå 5.trinn om dei ønskjer det. Eg vil ikkje pålegge dei det, men viss ein skule har lyst til å starte så smått med karakterar i til dømes matte, norsk og engelsk på 7.trinn for å førebu elevane på ungdomsskulen og dei krava som kjem der, så tykkjer eg det er heilt greitt.
Det som i alle fall er heilt klart i dag er at det for mange elevar blir eit sjokk å kome over i ungdomsskulen, med tøffe krav der dei plutseleg får sett ein karakter på sine prestasjonar. Dårlege karakterar kan kome overraskande på nokon, og det kan øydelegge for fleire elevar.
I debatten om karakterar føler ein liksom at alternativa er smilefjes og karakterar. Det blir fordummande. Elevane fortener skikkelege vurderingskriterium, framovermeldingar og kjenneteikn på måloppnåing. Viss vi i skulen lukkast med dette, er eigentleg debatten om karakterar på barnetrinnet overflødig.

Bra blogg, Hanne!
SvarSlettDet er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til http://vg.no
Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [æ] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg
Jada. Gi ungene mer å mobbe andre barn med.
SvarSlettproblemet med karakterer er at det krever detalje styring i utdanninga, noe det er alt alt alt for mye av allerede. hva skal lærerne med høyskole utdanning? læreplanmålene må være det største nederlaget hittil
SvarSlettHar vi ikkje nok med forventningspress i 5.klassealder? Det å starte med karakterar så tidlig er nok ikkje det smartaste å gjere for at "vi nordmenn" skal bli betre på skulen.
SvarSlettLa dei heller få stresset med karakterar 5 år etterpå og ta heller eit hardare grep ved dei lærarane som blir utdanna.
Kort sagt.
- Student 20.
Det er alt for mye press fra før av, jeg er imot karakterer, og heller ha mer lekser sammen. Et tall blir mye press fra venner. Det som var populært etter en å få tilbake en prøve var å spøre hva DU fikk. Kan man ikke bare bli vurdert sammen, og lære sammen. Og hovedproblemet er lærerne som ikke kan å lære bort!
SvarSlettSynes synd på elevene om det kommer i 5klasse+.
Du får jo ikke karakterpress for å komme inn på ungdomsskolen, synes det er helt greit at elevene blir vant til å bli tall-vurdert et par år før de skal på ungdomsskolen og det begynner å bety noe. Mobbing? Unger finner alltid noe å mobbe for hvis de vil, enten du er for flink, for dum, for tjukk, for tynn, for høy, for lav, har rødt hår, har briller, klæra du går i, dialekten du snakker, det er bare en unnskyldning for å hakke på noen likevel. Mobbing løses ved å stoppe mobbing, ikke ved å fjerne karakterer eller innføre skoleuniform...
SvarSlettTror mange glemmer at alle barn ikke utvikler seg i samme tempo. Noen kan bruke lengre tid på å tilegne seg de basiskunnskapene som trengs for videre læring. De fire første årene i grunnskolen skal først og fremst sørge for en solid lese og skriveopplæring som må ligge til grunn for å tilegne seg ny kunnskap via tekst og bilder. Derfor blir jeg noe forundret over at elevene da allerede på 5. trinn skal møte det store karakterpresset. Det er stor nok overgang å begynne på mellomtrinnet som 9- 10 åring, starte med nye fag og nye lærere. Elever blir begrunnet, testet, veid og målt mer enn noensinne. Deler av dette resultatet får elevene gjennom individuelle elevsamtaler eller når de blir med foreldrene på utviklingssamtaler. Utviklingssamtalene er dokumentert på 2 -3 sider som foreldrene får etter endt samtale. Der står det detaljert hvor barnet er nå i læreprosessen samt fremovermeldinger. Dette foregår to ganger i året. Dette er en mye mer tilrettelagt metode å gi barn selvtillit og nye mål på enn at vi setter en D på samfunnsfagprøva med en stor rød ring rundt...
SvarSlett