I dag opplevde eg magi. Såkalla joggemagi. Eg veit ikkje kor det kom frå, men i dag klarte eg å springe ei mil. 10 km. Nesten ein halv halvmaraton. Ei heil mil, altså. Og det mens eg jogga heile tida. Eg gjekk ikkje ein einaste meter. Eg veit ikkje kva det skuldast. Men teoriar er: - Ei veke vinterferie og masse restitusjon? - Vegansk kosthald? - Kettlebelltrening kvar onsdag? - Oppdatert speleliste på iPhonen? - Kan eg ha kvitta meg med noko flesk som gjer at det er mindre å dra på? Det verste var at eg ikkje hadde planlagt å springe 10 km ein gong. Det var ei impulshandling. Men som kjend; eg er på mitt beste når eg er impulsiv! Eg har eigentleg vore ganske lat i det siste. Før denne vinterferieveka hadde eg nesten ikkje jogga på tre veker. Eg har gått litt på ski og vore på kettlebelltreningane, men elles har eg eigentleg møtt ein liten vegg. Eg har hatt meir lyst til å gjere andre ting enn å springe. Eg har skulda på sørpeføre. Etter at det vart kaldt att har eg skulda
- Hanne Blåfjelldal