No er det berre ein månad til Eurovision song contest. Det er utan tvil det eg gler meg mest til om dagen (med unntak av sommarferie, men det er jo lenge til). Det er, som vanleg, mykje ræl i årets ESC. Meir enn i fjor faktisk. Det er vanskeleg å finne gode låtar og ein klar favoritt.
Eg har likevel funne fram til nokre låtar deg ikkje får lyst til å rive av meg armen når eg høyrer. Det er nokon av dei (eg skal lage ein bloggpost med det største rælet seinare). Så her kjem lista over hørbare låtar med potensial for å få stemme frå meg i årets ESC.
Sveits - Takasa: "You and Me"
Ikkje av favorittane i årets konkurranse, men eg liker denne låta. Denne kan eg faktisk høyre på mens eg skriv, les eller berre rydder. Potensial for stemme frå meg.
San Marino - Valentina Monetta: "Crisalide"
Tenk at dette er same dama som deltok med "Social network song" i fjor. Frå makkverk av ein song til ein av dei verkeleg store favorittane mine i år. Dette er nyyydeleg. Det er italiensk. Det er stort. Det er mektig!
Ungarn - ByeAlex: "Kedvesem"
Eg skjønner ingenting av kva dei syng, men denne låta fester seg faktisk på hjernen min. Eg veit ikkje om det er eit teikn på kvalitet, men det funkar!
Danmark - Emmelie de Forest - "Teardrops"
Dette er storfavoritten i år. Eg tykkjer den er litt oppskrytt. Den er fin, men ikkje finast.
Norge - Margaret Berger - "I feed you my love"
Eg er vel ikkje heilt objektiv, men dette er den beste låta i år. Punktum. Finale.
Dei mest kjende artistane i år er nok Bonnie Tyler, Cascada og Anouk (hugsar du Nobody's wife?). Ingen av mine er på denne lista. Eg finn ingen av låtane spesielt interessante.
Kven trur eg vinn i år? Denne:
Ukraina - Zlata Ognevich: "Gravity"

Hei Hanne!
SvarSlettSer at du er glad i MGP! Jeg skriver for øyblikket en artikkel om MGP og skulle gjerne hørt din mening om noe angående dette! fant ingen email adresse til deg. Hvis dette høres interessant ut så kontakt meg på aurora dot prois at searchlaboratory dot com
Mvh
Aurora