Eg er veldig nøgd med plassen eg har busett meg på. Det skal eg berre innrømme. Her i Høyanger har eg funne folk som gledeleg deler min interesse for cava, og som også pressar meg til å bli sprekare. Blant kollegaene mine har eg treningsgale, festgale, kongegale og berre gale menneske. Eg diggar dei alle i hop, og føler eg godt kan høre heime i alle kategoriane (faktisk også meir i "treningsgal-kategorien" også, sjølv om eg har litt å gå på). Eg vart 32 år på måndag. Dagen vart feira med kettlebelltrening i lag med to gode kollegaer. Siste treningsøkt før halvmaraton. Min gode kollega Randi siktar mot gull. Ho har bestemt meg for å vere med meg til Beitostølen i helga for å springe halvmaraton (jippi!). Vi skal begge delta for idrettslaget Cavarunners (takk til Bettina for namnet - synd du ikkje blir med i helga!). Randi kjem til å gjere det sterkt (ho sprang halvmaraton i Bergen på under to timar). Eg har eit mål om å fullføre. Randi og fleire av kollegaene på jo
- Hanne Blåfjelldal