"Kva skal du gjere i sommar, då?". Det er eit spørsmål eg fekk mange gonger før eg gjekk ut i sommarferie. Eg svarte alltid: "Minst mogleg. Eg har ingen planar". Dette skulle bli sommaren utan planar der eg berre slappa av og fekk lese ein heil masse og skrive mykje på boka mi. Eg kjenner meg sjølv. Det går tre dagar. Så blir eg grusomt rastlaus. Eg vaknar om morgonen, sett meg for å drikke kaffi og startar å tromme fingrane på bordet. Så må eg danse litt. Så må eg gå meg ein tur. Lese bok er kjedeleg. Skrive er kjedeleg. Eg må reise ein plass. Kan ikkje bli her for alltid. Startar å planlegge kva eg kan finne på. I går; veninne spør om eg vil vere med til Barcelona i juli. Ho har sett eg ønskjer å reise til Spania for å besøkje cavaprodusentar. Eg er ikkje vanskeleg å be. Tur bestilt og betalt allereie! I juli blir det også to festivalar i Valdres som får besøk av meg. Både Vinjerock (som friviljug mannskap for min bror) og Trollrock. Og eg som eigentleg ik
- Hanne Blåfjelldal