Eg har i løpet av dei siste vekene gått frå å vere ei partyjente på 32 år til å bli ei fjortisjente på 32 år. Det var absolutt ikkje planlagt. Planen var at eg i sommar skulle lese mange bøker, eg skulle skrive på boka mi og eg skulle trene mykje slik at eg vart fit og opplagt til skulen startar att i august. Eg har ikkje trent sidan eg sprang halvmaraton i Jølster 6.juli. Eg har lese 50 sider i "Tusen og en natt" og har eigentleg ikkje fått med meg noko av det eg har lese. Eg har skrive to sider i boka mi, men det enda eigentleg opp med å bli to klissete sider om kor forelska eg sjølv er. Eg har på mange måtar slutta å fungere. Eg er til stades, men tankene mine er heilt andre plassar. Eg går rundt med eit dumt flir heile dagen og eg er fullstendig ute av stand til å fullføre eit lengre resonnement. Du skulle jo kanskje tru at du vart smartare av å bli forelska (vil jo liksom framstå som intelligent og ikkje eit brødhovud). Du skulle jo tru du får lyst til å trene ha
- Hanne Blåfjelldal