Det er
ikkje lett å seie at du ønskjer fleire timar i musikk og kunst og handverk når
du veit at du blir skulda for å prioritere kos framfor fag i skulen. Slik er
dessverre den politiske debatten blitt; retorikk er blitt viktigare enn
forsking.
Når du
får slått Pisa-resultat opp i ansiktet og må vise handling er det lettare å
argumentere for at vi treng meir matte i skulen framfor kunstfag. Dette høyrast
jo logisk ut – meir matte gjev betre resultat i matte, eller kva?
Verkelegheita
er dessverre ikkje så enkel, og eg meiner at vi verkeleg begynner å sjå
konsekvensane av redusert timetal i kunstfaga våre; auka skilnadar mellom
elevane og utmotiverte elevar som ikkje ser vitsen med skulen.
I den
politiske retorikken fungerer det betre å seie at vi skal satse meir på rekning,
lesing og skriving framfor musikk og kunst og handverk. Politikarane overbyr
kvarandre i kven som vil satse mest på lesing og realfag, og kven som vil gje
mest pengar til etter- og vidareutdanning i ”dei viktige kjernefaga”.
Som lærar
i engelsk og norsk burde eg kanskje vere glad for at mange pratar om ”mine
fag”. Det eg ønskjer for elevane mine er likevel ikkje meir norsk. Eg ønskjer
meir musikk og meir kunst og handverk.
I 1974
var omlag tjue prosent av tida i skulen brukt på kunstfag. I dag er timetalet
om lag 12 prosent. Søkinga til slike fag går ned, skulane slit med å få tak i
kompetente lærarar og det blir ikkje satsa på desse faga ved dei institusjonane
som utdannar lærarar. Skuleeigarar føler
heller ikkje dei får rom til å satse nok på kunstfag i ei tid der testing og
samanlikning er blitt mantraet.
Det er
nok forsking som viser at land som satsar tungt på kunstfag i skulen også gjer
det betre i det vi reknar som basisfag. Internasjonal forsking syner at om du
har god opplæring i og gjennom kunstfag, vil dette også føre til elevar som har
betre resultat i lesing, skriving og rekning. I tillegg blir elevane gladare,
meir motiverte og får auka sjølvkjensle.
Eg skulle
ønskje meg ein politikar som sa i valkampen: ”No gjer vi som Finland! Vi
innfører drama i norsk skule. Og samtidig doblar vi timetalet i musikk”. Eg
veit det ikkje er lett å bli møtt med argument frå motstandarar om at du
ønskjer å prioritere kosefag framfor kjernefag. Men vi må aldri let den
lettvinte argumentasjonen vinne mot det som er fornuft.
All
fornuft syner at viss du bruker drama i skulen, får du meir sjølvsikre elevar
som blir vant til å ta ordet i forsamlingar og som følar seg tryggare i lesing
og i kommunikasjon.
Det er
også nok av forsking som viser akkurat det same.
Gje oss
fleire timar i kunstfag og sats på desse faga i lærarutdanningane. Eg er sikker
på at dette på lang sikt vil auke kompetansen i andre fag, og også gjere
resultata våre på Pisa-undersøkingane betre. Kunstfag er ikkje ”kosefag” –
kunstfag er fag som er ekstremt viktige for elevane sin utvikling og for at elevane
skal ha varierte meistringsarenaer.
Eg er
dessverre redd for at vi heller ikkje dei neste fire åra vil sjå politikarar
som tør satse skikkeleg på kunstfag.
Ingen
politikarar tør å gjere det – fordi dei er redde for følgjande argument i neste
valkamp: ”Regjeringa auka timetalet i kosefag framfor skikkelege fag”.
Publisert i Nationen 23. august 2013
Til denne artikkelen burde det komme mange positive komentarer. Jeg synes i allefall dette er noe vi alle burde ta på alvor å prøve og få gjort noe med.
SvarSlettHeilt samd med deg! Godt nokon tenkjer annleis, og tenkjer høgt!
SvarSlett