Eit av dei store mantra i valkampen og når politikarar diskuterer
skulepolitikk, er at lærarane må bli betre. Dei treng desperat etter- og
vidareutdanning, og politikarane overbyr kvarandre i kven som vil gje mest
pengar til å gjere lærarane endå betre gjennom vidareutdanning.
Eg føler meg eigentleg som ein relativt
dyktig lærar. Ikkje best i Noreg, men eg er under stadig utvikling. Eg starta
som lærar for eitt år sidan, og læringskurva har vore bratt. Eg er no tryggare
i rolla mi, men veit at eg har stort utviklingspotensiale. Eg er ikkje i
nærleiken av å bli så god som eg kan bli.
Eg vart lærar gjennom å ta praktisk
pedagogisk utdanning på deltid fordi eg hadde lyst til å lære meir om
pedagogikk. Eg hadde eigentleg ingen plan om å bli lærar, men etter å ha jobba
med skulepolitikk og skuleutvikling i seks år, fann eg ut at eg ikkje ville
noko anna enn å bli lærar.
PPU-studiet var ein vits. Eg lærte omtrent
ingenting nyttig eg kunne bruke i undervisinga. Eg lærte ingenting om
skule-heim-samarbeid, klasseleiing eller elevsamtaler. Kanskje vi lærte om det
på det teoretiske plan, men ingenting konkret som eg følte eg kunne bruke i
klasserommet. Eg lærte nokre undervisingsmetodar då eg tok fagdidaktikk i
samfunnsfag, og eg lærte mykje av dyktig rettleiar då eg var i praksis (takk
til Sør-Aurdal ungdomsskule og praksislærar der).
Det er likevel det fyrste året som lærar
eg har lært mest. Eg tok ikkje på meg lite heller. Eg har både vore
kontaktlærar og har mellom anna undervist i norsk og engelsk (dei to store
rettefaga, med fem karakterar til saman). Eg har eigentleg hatt meir enn nok
med forarbeid, etterarbeid og undervising, og eg har lært meir av dette enn
studium eg har tatt tidlegare.
Likevel fann eg ut at eg måtte begynne på
vidareutdanning i haust. Eg hadde desperat behov for kompetansepåfyll. Eg
trengte noko anna! Eg trengte litt impulsar utanfrå. Og i tillegg treng eg
studiepoeng i engelsk for at eg kan fortsette å undervise i faget framover. Eg
elskar å undervise i engelsk - til tross for at det var faget eg mislikte mest
då eg sjølv gjekk på skulen.
Og akkurat det siste punktet er nok
grunnen til at engelskfaget er det eg føler eg har lukkast best i som lærar, og
der eg føler at elevane har hatt mest framgang. Det er faget eg har minst
formell kompetanse i, men der eg føler eg gjennomfører den beste undervisinga.
Det er også det faget eg tykkjer det er artigast å undervise i. Difor startar
eg no på vidareutdanning. Eg ønskjer å bli rådgod som engelsklærar.
Når du sjølv sveitta deg gjennom
engelsktimane på skulen. Var livredd for at læraren skulle spørje akkurat deg.
Be deg lese høgt. Var redd for å gjere noko feil. Var så redd for å gjere feil
at du ikkje turte prøve. Då lærar du svært lite. Engelsk var det verste faget
mitt då eg sjølv gjekk på skulen, og om nokon skulle sagt til meg at eg skulle
undervise i engelsk sjølv når eg vart stor, ville eg ikkje trudd dei.
Men det har skjedd noko i åra mellom. Eg
er blitt tryggare på meg sjølv, og ikkje redd for å gjere feil. Eg har lese
mykje engelske bøker. Eg har prata mykje for folk - både på norsk og engelsk.
Og eg har, ikkje minst, studert eit halvt år i USA. Alt dette har gjort at eg
er veldig komfortabel med å prate engelsk og at eg ikkje er redd for å dumme
meg ut. Eg elskar å bable på engelsk, og eg gjer det kvar einaste engelsktime
(noko anna skulle jo eigentleg berre mangle).
Eg er no på fyrste studiesamling på Voss.
Eg tek vidareutdanning i engelsk. Kvar einaste månad må eg reise til Voss på ei
todagarssamling, og innimellom der skal vi møtast på nettet for å lytte og
prate. Fem obligatoriske arbeidskrav før jul, og to firetimars eksamenar. Alt
dette skal eg klare i tillegg til å vere kontaktlærar og ha undervisingsansvar
i fem fag. Eg jobbar i noko redusert stilling, men eg trur alle som har tatt
vidareutdanning veit at det er krevjande og at det ikkje er berre-berre.
Eg er heldig. Eg har ein arbeidsgjevar som
gjev meg støtte til samlingar og gjev meg gode permisjonsordningar. Dei ser
nytten av lærarar med høgare kompetanse i faga dei underviser i. Eg tenkjer
likevel at dette hadde ikkje gått om arbeidsgjevar ikkje hadde sagt ja til
søknaden min om permisjon, ei heller om eg hadde hatt ungar. Det blir eit slit,
men eg er sikker på at det er verdt det.
Eg er veldig motivert for dette studiet,
men eg var redd for at det skulle bli ei reprise av PPU-studiet. Eg såg for meg
eit år med kjedelege førelesingar og kompetanse eg følte skulle vere litt
relevant (det kan hende eg hadde sett på PPU-studiet som meir relevant viss eg
faktisk hadde jobba som lærar då eg studerte).
Etter ein dag som engelskstudent i Voss
(Høgskulen i Sogn og Fjordane som har studiet) må eg seie; dette var faktisk
moro! I går lærte eg i alle fall tre konkrete metodar/opplegg eg kan bruke i
undervisinga. Vi er komen i gang med lesing og analyse av litteratur (eg har
ikkje analysert ein ting etter eg tok mellomfag i nordisk for over ti år
sidan), og eg kjenner eg er supermotivert for å lese og lære meir. Betre
utgangspunkt enn det kan eg ikkje ha!
Eg gler meg allereie til eg skal bruke
kveldar og helger på å studere. Skrive oppgåver, få attendemeldingar, analysere
romanar og noveller, lære meg grammatikk, lære meg didaktikk. Eg gler meg til
og med til eksamen! Eg elskar jo eigentleg å vere student og kunne glatt ha
vore student heile livet! Det er så godt å kunne bruke hjernen på slike ting
att - utfordre meg sjølv mentalt - på ein litt annan måte enn det eg til vanleg
gjer i skulekvardagen.
Er vidareutdanning det viktigaste for at
eg skal gjere ein betre jobb som lærar? Neppe.
Dette er viktig for meg, og noko eg kjem
til å ha nytte av. Men viktigare hadde nok vore meir tid til pedagogisk
utviklingsarbeid, deling av metodikk mellom lærarane, tid til å observere andre
og bli observert sjølv og ikkje minst oppfølging av kvar enkelt elev. Ei
elevsamtale i halvåret er sjølvsagt alt for lite - eg burde hatt samtaler med
kvar enkelt elev kvar einaste veke - for å gje attendemelding på lesing og
skriving. Prate om akkurat kva eleven må gjere for å nå kompetansemåla. Det
hadde vore nyttig, og noko eg absolutt skulle ønskje eg hadde hatt tid
til.
Eg skal gjere det eg kan for at ikkje mi vidareutdanning skal gå ut over elevane mine. Eg er førebudd på å bruke meir
fritid for at eg skal få til akkurat dette - og som motivert student veit at eg må bruke mykje ekstra tid på jobb og studier dette året.
MEN - til dykk som har som mantra at
lærarane MÅ ha meir vidareutdanning og som har fått det for dykk at dette skal
redde norsk skule. Hugs at dette vil ta mykje tid frå det vi lærarar likar
aller best; samhandling med elevane våre!
Kommentarer
Legg inn en kommentar