Eg tipper eit av dei konkrete punkta som blir med i regjeringsplattformen til ei framtidig borgerleg regjering, blir noko ala: "Vi skal sørge for eit skikkeleg kompetanseløft for lærarane, og sikre at alle får tilbod om etter- og vidareutdanning". Eg er lærar. Eg har seks års universitetsutdanning og eit år med PPU frå høgskule. Eg har 90 studiepoeng i nordisk og eg har 300 studiepoeng i geografi. Eg skal ikkje fortelje deg kor mykje eg har i studiegjeld, men forholdet mitt til Lånekassa kjem til å vare i mange år framover. Eg har jobba som lærar i eitt år. Eg skal innrømme eg mange gonger det fyrste året har tenkt at det er mykje eg ikkje har kompetanse på. Eg skulle ønskje eg kunne meir om klasseleiing, samarbeid med heimen, konflikthandtering, elevsamtaler og vurdering. Ikkje minst skulle eg absolutt ønskje eg hadde eit større reportoar av undervisingsmetode eg kunne nytte i undervisinga. Det er kva eg har følt størst behov for dette fyrste året som lærar. Har eg l
- Hanne Blåfjelldal