Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2013

Frå lærar til statssekretær

På tysdag var eg lærar. Klokka 1300 avslutta eg min siste undervisingstime i engelsk. Under eitt døgn etterpå vart eg i statsråd utnemnd som statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. Og det skulle vere hemmeleg. Det var så hemmeleg at eg lenge trudde at det ikkje kom til å skje. Eg var heilt overtydd om at det kom til å dukke opp eit eller anna slik at eg ikkje kom til å bli statssekretær. Då pressa begynte å ringe meg omtrent klokka 1030 på onsdag (det var ikkje offentleg før klokka 12), begynte eg å tru at det kom til å skje. Då eg stod og såg på at regjeringa kom ut på slottsplassen tenkte eg: "Dette er absurd". Litt seinare på dagen vandra eg inn i Landbruks- og matdepartementet. Framleis eigentleg i sjokk. Vesle meg skal  bli politisk leiing i eit departement. Eg frøys. Eg hadde vonde føter (ikkje vandre rundt i Oslo hit og dit på skyhøge heler). Eg følte meg åleine. Eg vart teke i mot i Landbruks- og matdepertamentet. Vart synt kontoret mitt. Eg som før hadde

Ny regjering - meir makt til innbyggjarane

Vi får snart ny regjering i Noreg. For meg, som var aktiv Framstegspartipolitikar frå 2001 til mai i år, er dette ei historisk hending. Sjølv om eg sjølvsagt skal innrømme at det er litt rart å sjå alt frå sidelina når det endeleg skjer. Eg følgjer likevel med i spenning, og eg frydar meg over at det no ser ut til at det skal skje endringar i Noreg. Som liberalist håper eg at vi dei neste fire åra skal gå nokre steg i retning av at det offentlege skal styre mindre, og dei private skal få styre meir.  I går kom regjeringserklæringa. Regjeringserklæringa er ambisiøs, men lovande for oss som trur på mindre offentleg styring og meir fridom til enkeltmenneska.  Mykje av innhaldet i regjeringserklæringa er sjølvsagt blitt latterleggjort av politiske motstandarar og kommentarar. Når Siv og Erna kunngjer at dei skal fjerne forbod mot Segway, at dei skal gjere det lettare for kommunane å gje løyve til skuterkøyring, at det skal bli mogleg å handle på polet nyttårsafta