I morgon går turen til Sogn og Fjordane. Fylket eg har budd i over fem år av livet mitt. Der skal eg vere i to heile dagar, og eg gler meg. No sit eg på kontoret og førebur presentasjonen eg skal halde på Bulyst-konferansen i Jølster 1.april. Morgondagen går med til besøk på Nordfjord kjøt, Norsk fjordhestsenter i Eid og eit gardsbesøk ved Vassenden. I tillegg skal eg ha møte med bondeorganisasjonane og Høgre og Frp i fylket. Eg må reise i seks-tida om morgonen og programmet sluttar klokka 21 på kvelden. Dei (les: Frank Willy Djuvik) som har laga programmet meiner tydeligvis eg er eit supermenneske! :) Eg har brukt veldig mykje av dei fyrste månadene i jobben som statssekretær på å reise rundt. Det har vore viktig både fordi vi skal kome ut for å lytte til næringa og for å ufarleggjere politikken vår. Vi må ut for å byggje ned mytane og fortelje om kva vi står for. Berre det at vi kjem ut for å seie at vi faktisk jobbar for ei føreseieleg utvikling og auka lønnsemd i norsk landbru
- Hanne Blåfjelldal