Før 16.oktober i fjor jobba eg som lærar. Som lærar gjekk eg på fleire kurs som lærte meg at det fungerer eigentleg skikkeleg dårleg med negative attendemeldingar til elevane. I staden for å seie til eleven: ”Ikkje vipp på stolen”, bør du seie: ”Vær snill og sett ned den stolen”. Fortel elevane kva dei skal gjere, og ikkje kva dei ikkje skal gjere! Eg har no vore i Landbruks- og matdepartementet i seks månader. Mykje av den tida har eg brukt på å reise rundt i landet for å få innspel til landbrukspolitikken framover. På desse reisene har eg fått høyre veldig mykje av kva eg ikkje skal gjere. Lite har eg fått høyre om kva eg bør gjere. Dessverre har eg fått høyre meir om problem enn om problemløysing. Eg har vore i gartneri, eg har vore hjå grønsaksprodusentar, eg har vore hjå kalkunprodusentar og eggprodusentar. Eg har besøkt sauebønder og eg har besøkt mjølkebønder. Både i Valdres og andre plassar. Mitt inntrykk etter å ha reist frå Alta i Nord til Råde i sør, er at lande
- Hanne Blåfjelldal