Før
16.oktober i fjor jobba eg som lærar. Som lærar gjekk eg på fleire kurs som
lærte meg at det fungerer eigentleg skikkeleg dårleg med negative
attendemeldingar til elevane. I staden for å seie til eleven: ”Ikkje vipp på
stolen”, bør du seie: ”Vær snill og sett ned den stolen”. Fortel elevane kva
dei skal gjere, og ikkje kva dei ikkje skal gjere!
Eg har no
vore i Landbruks- og matdepartementet i seks månader. Mykje av den tida har eg
brukt på å reise rundt i landet for å få innspel til landbrukspolitikken
framover. På desse reisene har eg fått høyre veldig mykje av kva eg ikkje skal gjere.
Lite har eg fått høyre om kva eg bør gjere. Dessverre har eg fått høyre meir om
problem enn om problemløysing.
Eg har
vore i gartneri, eg har vore hjå grønsaksprodusentar, eg har vore hjå
kalkunprodusentar og eggprodusentar. Eg har besøkt sauebønder og eg har besøkt
mjølkebønder. Både i Valdres og andre plassar.
Mitt
inntrykk etter å ha reist frå Alta i Nord til Råde i sør, er at landet er overraskande
likt. Eg høyrer i alle fall nesten det same uansett kor eg er hen.
Det er så
mykje som ikkje fungerar, får eg høyre. Vi tenar ikkje pengar, får eg høyre. Vi
jobbar 17 timar i døgnet, får eg høyre. Vi er to årsverk på garden, men har
berre inntekt for eitt, får eg høyre. Når utgiftene er trekt frå, har vi nesten
ikkje pengar att, får eg høyre.
Jammen
det må vi vel prøve å gjere noko med då, seier eg. Kanskje kan vi finne andre
svar enn meir pengar frå staten? Kanskje skal vi gjere noko med måten tilskota
er utforma? Kan vi gjere noko slik at det lønner seg å produsere meir? Kanskje
skal vi gjere noko slik at det skal løne seg å drive som bonde på heiltid?
Nei, det
blir vanskeleg får eg høyre. Vi kan ikkje endre noko – for då vil det gå utover
noko eller nokon. Nokon kan bli sinte.
Ja –
nokon blir sinte når du prøver å endre noko. Nokon vil alltid motsette seg
endring.
Eg har
til dømes fått attendemeldingar på at inndelinga i produksjonsregionar for
mjølkekvoter ikkje er optimal. I nokon regionar, som til dømes den Valdres ligg
i, er det nærast umogleg å få kjøpt seg mjølkekvote. Kanskje bør vi endre noko
på grensene for kor mjølkekvotene kan omsetjast med mål om at fleire skal få
tak i mjølkekvote? Slik kan vi jo få produsert meir mjølk i regionar som
Valdres.
Landbruks-
og matministeren luftar så ideen om at vi kanskje skal sjå på justering av
grenser. Vi seier ikkje oppheving. Vi seier justering. Og vi seier vurdere.
Makan til
bråk som det blir av eit forslag om vurdering! Folk blandar saman omgrep, og
framstiller det som vi skal oppheve kvotene og sørgje for fri flyt. Av eit
forslag om ”å vurdere”! Eit forslag som vil bety at mjølkebønder i Valdres
lettare vil få kjøpt seg mjølkekvote. Til og med kanskje billigare enn i dag.
Mange er
einige om at dei grensene som er i dag ikkje er optimale. Men motsette oss
endring, det gjer vi! For ein kvar pris og utan i det heile teke å diskutere
saka. Slikt blir det verkeleg utvikling av!
Høgre-FrP-regjeringa
er dei fyrste på lang tid som ønskjer reelle endringar innanfor
landbrukssektoren. Og endring kjem det til å bli! De har valet om de ønskjer å
vere med på endring, eller om de ønskjer å gå ned i skyttargrava for å beskytte
det eksisterande.
Før
16.oktober hendte det at eg sa til elevane mine: ”Nei, nei, NEI!”.
Då vart
dei aldri spesielt innstilt på å høyre på meg. Ikkje visste dei alltid kva eg
sa nei til heller – dei oppfatta at eg var i mot, men ikkje heilt kva eg var i
mot. Eg lærte at det var klokare å seie: ”Eg blir så rørt – den handlinga vil
eg sjå meir av!”. Elementær pedagogikk. Fungerar som berre det når du skal
påverke politikarar også.
Også publisert i Avisa Valdres 12.april 2014
Kommentarer
Legg inn en kommentar