I går vart eg endå betre kjend med fjørfenæringa. Det blir mykje mjølk og sau når eg er ute på besøk i landet, mens fjørfenæringa er ei næring eg er blitt mindre kjend med. I går var eg med Mattilsynet på besøk for å bli kjend med både fjørfenæringa og slakteriverksemd. Slik kunne eg få meir kunnskap om næringa, regelverk og kva Mattilsynet ser etter spesielt på områda dyrevelferd og dyrehelse. Eg har aldri vore på eit slakteri for kylling og kalkun tidlegare. Det er mektige greier. Vi fekk vere med då trailerlast på omlag seks tusen kyllingar kom inn. Det som skjer då er at lasten med kylling blir kontrollert - blant anna for å sjå etter fukt i bilen og andre teikn på korleis dyra har hatt det under transport. Her kan ein då sjå etter avvik og då rapportere og eventuelt sørgje for forbetringar. Kyllingane blir så bedøvd med gass før dei blir avliva. Avliving skjer ved at kyllingen blir skjært strupen av. Etterpå blir dei skålda og seinare då gjort om til dei produkta dei sk
- Hanne Blåfjelldal