Grøndalen gard og "Nýr" Eg møtte nok ein dyktig bonde fredag denne veka. Ikkje berre har han ei solid bedrift, men han driv også ut i frå ein filosofi som handlar om at dyra skal ha det bra og at kua skal få lov til å vere mor. Hans Arild Grøndahl driv eit mjølkebruk i Akershus med 19 mjølkekyr. Bruket er drive økologisk, kyrne ligg på halm inne i eit lausdriftsfjøs og har tilgang til store beiteareal ute. Kyrne får lov til å ta vare på kalven sin i to månader (minimumskravet i økologisk landbruk er at kalv skal gå med mor i tre dagar). Du kan lese meir om filosofien og gardsbruket her. På Grøndalen gard marknadsfører dei produkta sine med at dei kjem frå lykkelege kyr. Det produktet dei er mest kjend for er Nýr, som er ein ferskost som kan brukast både som tilbehør, i dessertar, i matlaging og elles til alt anna du måtte ønskje. Nýr blir brukt av mange kjende kokkar og restaurantar i Oslo, og du får også kjøpt produktet i Meny- og Ultrabutikkar i Osloområdet.
- Hanne Blåfjelldal