Trur du den viktigaste snakkisen i landbruket om dagen er mjølkekvoter? Då tek du feil - det er heilt andre kvoter folk pratar om og det mest brukte ordet i landbrukspolitiske miljø om dagen er Artikkel 19. Og der har du livet mitt! Eg hadde nok aldri høyrt om Artikkel 19 før eg starta i jobben som statssekretær. No høyrer eg og les om det dagleg. Viss du les om det i Nationen (seinast i dag), er det ofte i kombinasjon med orda ostetoll eller prosenttoll. Artikkel 19 er ei avtale mellom Norge og EU der vi har forplikta oss til at vi skal forhandle med EU om gradvis liberalisering av handel med landbruksprodukt. Med jamne mellomrom forhandlar vi altså om innhaldet i dette. Vi forhandlar då om til dømes tollfrie kvoter inn til EU og frå EU til Noreg. Noko av utfordringa tradisjonelt sett har vore at Noreg har få såkalla offensive interesser på landbruksfeltet. No skal vi altså i gang med å forhandle om dette att. Det vart ikkje bestemt av oss, men vart bestemt i 2012 av den førre regj
- Hanne Blåfjelldal