Dagane går altfor fort, og eg rekk visst aldri sette meg ned for å lage eit velreflektert innlegg til denne bloggen. Det er dumt. I staden fortel eg om kva det er som gjer at dagane opplevast som dei går i eitt og at ein aldri får nok tid. Her er veka mi: Måndag: Startar med å stå opp tidleg for å ta buss frå Beitostølen til Oslo. Lese litt på bussen, sove litt på bussen. Kjem på kontoren rundt klokka 11. Drikke kaffi, blar gjennom pressebunken, gå gjennom posten som ligg og ventar. Møte med prosjektet Fjellandbruket i frå Nord-Trøndelag. Så internt møte om tidstjuvar. Du veit; desse tjuvane som spring rundt og stjel tida vår heile tida. Eller sagt på ein betre måte; korleis fjernar vi unødvendig arbeid i forvaltninga? Krevjande arbeid, og vi har mange tidstjuvar som skal følgjast opp. Det tek sin tid. Tysdag: Lesedag! Kan du tenkje deg noko betre? Ein heilt blank dag du kan sitte på kontoret for å lese? Eg fekk lese mykje også. Sperra døra, var asosial og fekk verkeleg konsentre
- Hanne Blåfjelldal