Eg er heilt gærne etter ost. Når eg er på tur rundt omkring, kjøper eg med meg ost heim att.
Nesten kvar middag blir avslutta med eit ostefat. Å dele eit ostefat er toppen av romantikk for meg og kjærasten min. Vi har fått ostefat av ymse kvalitetar i både innland og utland. Og det beste vi får, det finn vi sjølvsagt heime i Valdres.
På laurdag var eg og Trond på Opplevingsysteriet på Beitostølen. Dette er altså produksjonslokala og serveringslokala til Beito ysteri, som du kan lese meir om her.
Beito ysteri produserer leire typer ost frå lokale kyr og geiter. Dei sel produkta sine gjennom Bondens marknad, og i fleire butikkar på austlandsområdet. I tillegg kan du då også kjøpe produkta på Opplevingsysteriet på Beitostølen, der du også kan følgje heile ysteprosessen og sjå på kor produkta ligg lagra hen.
Og du kan altså også få smake. Rause ostefat og vin som smakte veldig godt til. Absolutt å anbefale viss du er på Beitostølen. Eg trur det blir fleire besøk på Opplevingsysteriet i løpet av vintaren og våren. For skikkeleg ostefat - det får du berre heime på Beitostølen!

Kommentarer
Legg inn en kommentar