Eg sitt no på bussen tilbake til Oslo. Slik eg gjer kvar sundagskveld. Det er dette eg likar minst med jobben min. Kvar sundag må eg reise frå Trond. Knapt to døgn får eg heime før eg er nøydd til å vende kursen attende mot hovudstaden. Eg likar jobben min, men det er ingen tvil om at eg allereie no er i gang med å telje ned til eg skal tilbake til Valdres, her eg høyrer heime.
Laurdag brukte eg seks timar på å halde kurs i landbrukspolitikk for litt over tjue deltakarar frå Høgre og FrP på Fagernes. Imponerande at så mange brukar ein fridag på å lære om landbrukspolitikk. Slikt motiverer. Og eg får energi av å halde kurs (kanskje fordi det kan minne litt om å vere lærar?) for så motiverte og engasjerte deltakarar.
Elles var det berre kos i helga. Taco og tv på fredag. Vin og ost på laurdagskveld. I lag med den personen eg trivst aller best i lag med. Og nei, eg pratar ikkje om meg sjølv.
Veka som kjem blir variert. Måndag seminar om kastrering av svin mellom anna. Resten av veka går med til interne møte av ulike slag, og jobbing med saker som eg ikkje har fått prioritert endå.
Lover vidare oppdateringar. Og skal bli flinkare til å ta relevante bilete! :)
Kommentarer
Legg inn en kommentar