- Er du ferdig med søknaden om midlar gjennom ENERGIX?
- Nei. Eg måtte på ei konferansen om JPI'ar i dag. Arrangert av den nye NCP'en.
- Å ja - eg har vore og lært om ERA i dag. Også var eg ved den nye SFI'en ved NMBU.
- Men når det gjeld søknaden til ENERGIX, så vurderer eg om eg heller skal søkje FFL-midlar
- Det er ingen moglegheit med JA-midlar?
- Nei, då trur eg heller BIONÆR er ein moglegheit
- Har du sett på kva dei har gjort i AGROPRO?
- Ja, det er imponerande kva dei får til. Eg har tatt kontakt med FAO for å formidle resultata
- Eg trur vi kan vente oss endå meir gode forskingsresultat når NIBIO blir oppretta.
- Eg trur det blir lettare å få midlar frå Horisont 2020 i alle fall
- Ja, og JPI FACCE
- Skal vi ta ein kopp kaffi?
- Har ikkje tid - eg skal møte nokon frå NILF
Viss du lurere på kvifor det er vanskeleg å få eit fullstendig overblikk over kva som skjer på forskingsområdet, finn du nokon av årsakane over her. Stammespråket er utvikla over mange år, og forkortingane er mange. Dette trur eg er utvikla nettopp for at politikarar skal bli forvirra og dette av lasset i ein kvar samtale om forskingspolitikk. Slik kan forskingsmiljøa nemleg hindre at politikarar bryr seg for mykje - for vi er redde for å avsløre at vi ikkje anar kva AGROPRO handlar om, og at vi aldri har vore i nærleiken av å forstå kva ein JPI eigentleg er.
Eg trur dei har forska på at dette er måten å gjere det på. Smart? Absolutt!

Kommentarer
Legg inn en kommentar