I dag har eg vore på seminar om biologisk mangfald innan mat og landbruk , arrangert av genressurssenteret. Seminaret hadde fått tittelen "Biologisk mangfald for mat og landbruk - eit viktig grunnlag for verdiskaping og for framtidas matsikkerheit". Eg var invitert til å halde opningsforedraget. Eg starta sjølvsagt med eit bilete av Valdres og av genetisk mangfald som har vore i Valdres i generasjonar. Dette er mangfald eg er veldig glad i, og på ein snøtung dag i Oslo var det veldig greit å lengte tilbake til ein solfylt haustdag heime i Øystre Slidre i Valdres Mitt favorittgenetiske mangfald. Kjærasten til høgre i bilete. Den verneverdige storferasa austlandsk raudkolle til venstre i bilete. På fredag reiser eg i lag med mitt favoritt-biologiske vesen til Champagne-distriktet i Frankrike. Der skal eg nyte noko av det beste naturen har å by på. Genetisk variasjon og mangfald i sin beste prakt. Eg skal nyte mellom anna druesorten Pinot Noir der han høyrer heime.
- Hanne Blåfjelldal