Det er snart klart for årets høgdepunkt. Finale i Eurovision song contest. I år går turen på besøk til Bettina i Nederland (ja, Nederland gjekk dessverre ut i fyrste semifinale). Vi har ikkje sett på MGP i lag sidan vi var på MGP-cruise med Danskebåten (og vann heile quizen!). Då vann Sverige. Det trur eg Bettina håper dei gjer i år også. Eg har null tru. Her har du mi topp 10-liste til årets musikkfestival. Og ei liste over dei tre dårlegaste. Dei beste låtene i Eurovision Song Conest 2015 1. Italia. Il Volo - Grande Amore Det er amorøst. Det er pompøst. Det er Italia, rett og slett! Tre menn frå Italia syng slik berre italienarar kan gjere. Eg har elska denne låta sidan eg høyrte ho fyrste gong. No har låta klatra på oddslistene og er no nummer to. Eg trur det går vegen i år. Endeleg for Italia. Eg er klar i lag med eit kvitt lommetørkle. 2. Storbritannia. Electro Velvet - I'm still in love with you Jøss, er det Sophie Ellis Bextor som gjer comeback, tenkte eg fy
- Hanne Blåfjelldal