Tidleg på
90-talet var eg elev på Bagn barneskule. Skulen sette då opp musikalen ”Den
levende skogen”. Eg fekk aldri noko framtredande rolle i musikalen – eg fekk
ikkje synge solo eller spele rolla som søt harepus. Eg måtte derimot spele tre.
Eg vart plassert langt bak på scena og fekk beskjed om å stå heilt stille, og
vere ein traust granbusk.
Det finst
knapt større nedtur for små ungar som håpar å bli musikalstjerne, enn å be dei
vere tre. Å vere tre blir sett på som den perfekte rolla for dei som aldri får
lov til å spele ei hovudrolle. Som ein i mengda, som ikkje stikk seg ut, men
som berre er der. Omtrent som alle trea som står i Valdes.
Eg har
lett meg fascinere over alt som kan lagast av skog, og av det potensialet som
finst i tømmerstokken. Vi veit at vi kan bygge hus av tre, og stadig skjer det
nyskaping med tanke på betre konstruksjonar og trearkitektur på byggsida. Skogen
har i mange år blitt brukt til brensel, og innanfor bioenergi skjer det stadig
utvikling for at vi kan bruke skogen til både flytrafikk og sjøtransport. Men
også klede og smakstilsetningar kan du få frå skogen. På eit seminar i førre
veke hørte eg til og med om at det vart forska på å bruke skogen til å reparere
skader i munnhola. Det er høgteknologisk, spør du meg. Og det frå eit råstoff vi
har meir enn nok av!
”Alt som
kan bli lagd av olje, kan også bli lagd av tre” høyrer vi ofte frå skognæringa.
Og det er dette som er ”det grøne skiftet” vi høyrer om dagleg i mediebilete.
Vi må nemlig klare å vri verdiskapinga over til bruk av våre fornybare
ressursar. Slik som skogen.
”Bruk” er
eit ord eg likar når det kjem til naturressursar. Eg trur meir på bruk enn på vern.
Bruk av skogen gir oss to ting samtidig. Å bruke skogen er bra for
verdiskapinga, og det er bra for klimaet vårt!
Skogen
tek opp og samlar CO2 mens han stadig veks seg større. Mens treet blir til
verdiar, samlar det karbon. Når treet blir hogstmodent kan vi skape
klimavenlege produkt, samtidig som vi tenar pengar. Så plantar vi nye tre, som
nok ein gong kan vekse seg store og bli til verdiar mens dei fangar karbon.
Verdiskaping og bærekraft i eitt. Det er ikkje rart ein blir mektig glad i
skogen!
Det går
så det susar i skognæringa om dagen. Avverkinga er rekordhøg og eg møter
optimistiske folk overalt. Det motiverer! Skognæringa har vore ei næring som
har klart seg bra på eige hand gjennom mange år – ho er konkurranseutsett, og
næringa får lite overføringar over statsbudsjettet. Andre verkemidlar er viktigare
for skognæringa!
For
Høgre-FrP-regjeringa er det viktig å satse på infrastruktur. Gode vegar er særs
viktig for skognæringa – også i Valdres. Vi satsar på infrastruktur frå stubbe til
industri. Vi meiner det er viktig å satse på skogsvegbygging for å få trea ut
av skogen, og har difor dobla den ordinære løyvinga til skogsvegar frå før vi
overtok. Det er også viktig å satse på det ordinære vegnettet, og Høgre-FrP-regjeringa
satsar verkeleg på veg og samferdsel. Vegløyvingane
har auka med om lag 18 prosent samanlikna med det den førre regjeringa foreslo
i 2014, og vi har som ambisjon å byggje mykje meir!
Høgre-FrP-regjeringa reduserer skattar og avgifter,
og dette vil kome skognæringa til gode ved at midlane kan investerast i
arbeidsplassar framfor å gå inn i statskassa. Regjeringa si satsing på forsking
og utvikling er også avgjerande for å lukkast i bioøkonomien – i tillegg til at
forenkling av regelverk også er viktig for skognæringa.
Eg trur på lågare skattar og avgifter og mindre
offentlige inngrep. Dette meiner eg er rett medisin for å få til meir vekst i
økonomien. Eg trur på å bruke mindre offentlige pengar, og når pengane skal
brukast skal dei brukast smart - på mellom anna samferdsel og forsking. Dette
er mykje betre for næringslivet enn spesifikke overføringar bestemt av
politikarar, som ikkje er dei rette til å plukke ut framtidas ”vinnarar”.
Eg følte meg nok korkje som ein vinnar eller
hovudrolleinnehavar då eg tidleg på 90-talet stod rett opp og ned og var tre bakarst
på scena i Bagn. Men utan desse trea ville det ikkje blitt nokon musikal. Utan
trea blir det heller ikkje nokon bioøkonomi. Vi har ein kjemperessurs
ståande i landet vårt, og bør ikkje ha som ambisjon å spele ei birolle. Skogen
har alle moglegheiter til å spele ei hovudrolle i økonomien vår framover.
Kommentarer
Legg inn en kommentar