Fredag 8.mai fekk eg gleda av å representere regjeringa på arrangement i Kirkenes for å markere frigjeringsdagen og veterandagen.
Eg kom opp dit seint torsdagskveld, og då kunne eg sjå sola endå. Utsikt rett mot havgapet. Fantastisk.
Oppe tidleg fredagsmorgon klokka 0600. Sola har vore oppe lenge allereie. Eg blir henta klokka 0715, og brakt ut til Partisanminnesmerket der arrangementet startar. Eg skal halde tale og leggje ned krans.
Her har eg nettopp halde tala og lagt ned krans frå regjeringa for å markere frigjeringsdagen og for å heidre veteranane våre.
2.verdskrig har sett store spor i Finnmark. Finnmark og Nord-Troms har ein spesiell plass i norsk krigshistorie og var eitt av dei områda i Norge som vart hardast ramma og mest prega av krigen. Nedbrenning og rasering av hus og heim, øydelagte veger og sprengte bruer. Folket her vart satt på store prøvelser. Fylket hadde ei viktig strategisk rolle for det tyske forsvaret i krigen i nordområda. Samtidig som hus og heim vart nedbrent og øydelagt, vart store deler av folket tvangsevakuert. Nesten ein 1/3 av folket greide å gøyme seg bort og unngikk å bli flytta. Det var i Finnmark at frigjeringa av Norge begynte. 25. oktober 1944 rykka dei fremste sovjetiske avdelingar inn i Kirkenes og frigjorde dei fyrste delane av Norge. Dei kom til eit rasert fylke, men til eit folk som hadde halde motet gjennom dei lange krigsåra. Lokalbefolkningen som hadde halde ut og dei evakuerte som kom heim, kunne no ta fatt på attreisinga, på å skape eit nytt og betre Norge. For mange var det å starte heilt på nytt. Det var primitive bustader og lite å hjelpe seg med den fyrste tida, men dei viste eit mot, ein oppfinnsomheit og eit samhald som gav attreisinga kraft.
Det er mykje som imponerer med Finnmark. Både det som skjedde under 2.verdskrig og det som skjer i samtida. Det som er spesielt i Kirkenes er det nære forholdet dei har til Russland. Skilt står både på russisk og norsk, og under arrangementet i Kirkenes sentrum seinare på dagen vart alle taler framført med tolk til anten russisk eller norsk. Alle skal forstå.
Etter markeringa av frigjeringsdagen og veterandagen hadde eg endå mange timar til flyet gjekk. Då vart eg tatt hand om av ordføraren i kommunen. Senterpartiordførar, men i politisk samarbeid med Høgre og FrP. Det er spanande! :)
Fekk sett gruvedrift på nært hald.
Middag med lokale politikarar og også representantar frå bondenæringa. Her har eg tatt eit reint politikarbilete. I lag med ordførar og samarbeidspartia Høgre og FrP. God stemning!
Takk til alle eg møtte i Finnmark for eit veldig hyggeleg besøk. Det gjer ingenting at eg ikkje er heime før midnatt fredag når det vart så hyggeleg. Og ja; eg kjem garantert tilbake!
Kommentarer
Legg inn en kommentar