For to år sidan på omtrent den tida her, tok eg min fyrste sommarferie som lærar. Eg har aldri opplevd makan! Eg har aldri vore meir klar for ferie nokon gang. Ikkje fordi jobben var fæl, men fordi eg aldri har vore meir sliten og tømt for energi i heile mitt liv. Men eg skal love deg energien kom ganske fort attende når eg sprang heimover frå skulen denne fredagen, og vidare på lærarfest på kvelden. Det regna, men det gjorde ingenting. Eg har aldri drukke vin med betre samvit! Eg var då kontaktlærar for klasse 8A på Høyanger skule. Det var trist å si adjø til elevane før sommaren, men både dei og eg var veldig klare for ferie. Når midten av august kom, gleda eg meg til å starte opp att. Etter det som virka som å vere ein mykje kortare ferie enn det eg hadde forestilt meg det kom til å bli. Slik såg eg ut på lærarfesten den fredagen eg gjekk ut i ferie for to år sidan. Veldig blid! Eg fekk berre omlag to månader i jobben att på hausten før eg forsvann til den jobben eg har
- Hanne Blåfjelldal