Førre veke var ei veke med mykje lærdom og mange inntrykk. Det var også ei veke i potetens teikn (som veldig ofte her i Landbruks- og matdepartementet). Torsdag gjekk turen til Svalbard. Der skulle eg vere med ein delegasjon frå Peru og Costa Rica, i lag med generalsekretær i FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk), NordGen og Global crop diversity trust. Potetfrø skulle deponerast i Svalbard globale frøhvelv. Frå Parques de la Papa i Peru var det med fleire bønder. Dei som har jobba med poteten i generasjonar. For dei var det ei veldig spesiell reise. Dei skulle plassere frøa sine, som er så sterkt knytt opp mot deira identitet og kultur, i det globale frøhvelvet. Som ein sikkerheit for framtida. For menneskeheita. Forhåpentligvis får vi aldri bruk for frøa i det globale frøhvelvet, men dei ligg der som ein sikkerheit. I mange minusgrader etter at delegasjonen frå Peru har deponert plantearven sin, potetfrøa, i hvelvet. Her i lag med Marie Haga, som er direktør i Global
- Hanne Blåfjelldal