Eg har planta tre tre i mitt liv. Det tredje treet planta eg no på sundag i Steinkjer. Det var for å markere oppstarten av treplanting som klimatiltak. Det skjedde i lag med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.
På plass på plantefeltet i Steinkjer i lag med Tine Sundtoft. Planting skal skje på nye areal og her er det rydda kratt og attgroing for å plante CO2-fangarar.
Fyrste gong eg planta eit tre var som barneskuleelev
heime i Bagn. Eg hugsar det
var stor stas og at me hadde både for- og etterarbeid der me lærte om kor viktig
det var med skogplanting. På denne tida (80-talet) vart det planta om lag 70-75
millioner planter kort år. Det siste tiåret har det vore om lag 20 millioner
planter kvart år.
Eg meiner det er viktig for skognæringa, og for
samfunnet, at skogplanting kjem på dagsorden att. Tømmer er ein fornybar
ressurs som et moderne samfunn treng. Ressursgrunnlaget i skogbruket vil
svekkast om vi ikkje investerer meir i skogen.
Eg ser den skogplantingen vi no startar opp, som ein vidareføring av tidlegare skogplanting. Dette blir ein dugnad for å sikre at framtidige generasjonar kan hauste av skogressursene og dekke samfunnets behov for fornybart trevirke – og samtidig ta opp meir CO2 gjennom skogen kvart einaste år.
Eg har planta eit tre - for fyrste gong i Nord-Trøndelag. Gjett om det skal vekse seg stort! Fylkesmann Inge Ryan kontrollerer (som ein fylkesmann skal gjere).
Å plante tre er det grønne skiftet i praksis. Det er bioøkonomi. Det er grønn
økonomi.
Eg er usikker på om treet eg planta då eg var ein
åtte-ni år heime i Bagn lev og veks framleis og om det tek opp CO2. Eg har
derimot som mål at treet eg no har planta skal bli det største og beste som veks i heile Nord-Trøndelag, og at
det skal ta opp CO2 i mange år etter at eg har slutta som statssekretær.
Kommentarer
Legg inn en kommentar