Det er flott å vere heime i Valdres i helgene. Denne helga fekk eg til og med tatt meg ein tur til Fagernes for å kjøpe grønsaker frå Slidreøya fengsel. Dei dyrkar altså grønsaker, og sel ein del av det dei ikkje bruker sjølve til oss vanlege forbrukarar.
For fyrste gong stemte eg før valdagen. Har alltid sett pris på å pynte meg og gå i vallokalet på valdagen. Denne gongen gikk ikkje det, sidan eg er i Oslo på valdagen. Ettersom eg hadde planer om å gjere endringar på røysteseddelen fekk eg ikkje førehåndsrøysta i Oslo. Partivalet er sikkert ingen hemmelegheit, men eg nytta høvet til å gje personstemmer og slenge eit par namn inn på lista. Det er det fine med kommuneval - at det også er mogleg å stemme på personar frå andre lister, som du likevel har tru på!
På marknad på Fagernes og kjøpte ein haug med grønsaker frå Slidreøya. Purrelauk, rotgrønsaker, squash, grønnkål, sukkererter og mykje anna. Har ete minst fem om dagen i helga!
For fyrste gong stemte eg før valdagen. Har alltid sett pris på å pynte meg og gå i vallokalet på valdagen. Denne gongen gikk ikkje det, sidan eg er i Oslo på valdagen. Ettersom eg hadde planer om å gjere endringar på røysteseddelen fekk eg ikkje førehåndsrøysta i Oslo. Partivalet er sikkert ingen hemmelegheit, men eg nytta høvet til å gje personstemmer og slenge eit par namn inn på lista. Det er det fine med kommuneval - at det også er mogleg å stemme på personar frå andre lister, som du likevel har tru på!
Obligatorisk bilete etter at eg stemte for fyrste gong i Øystre Slidre (som er den fjerde kommunen eg stemmer i). Trond stemte også, men truleg på noko anna enn meg :)
Kommentarer
Legg inn en kommentar