Fredag 4.september tok eg meg kontorfri frå jobben og reiste heim til Beitostølen. Målet mitt var å stemme til valet - både lokalvalet og kyrkjevalet. Eg visste eg ikkje hadde moglegheit til å kome meg heim valdagane, og det var difor avgjerande for meg å få røysta på førehand.
Torsdagskvelden brukte eg og Trond tida på å gå gjennom alle vallister til kommunevalet for å sjå kven vi skulle gje slengarar. Vi gjekk også gjennom lista til soknerådsvalet og vi gjekk gjennom kandidatpresentasjonene til bispedømmerådet. Eg noterte ned kven eg ønskja å stemme på slik at eg kunne ha med jukselapp til vallokalet.
Øystre Slidre kommune hadde annonsert at vallokala var opne til klokka 14 kvar kvardag. Vi var difor ute i god tid før lokala skulle stenge. Å stemme til kommunestyre og fylkesting gjekk som ein leik.
Så går vi ned til kyrkjekontoret i Øystre Slidre der vallokalet er. Der møter vi ei stengt dør. Vi er noko sjokkerte. Vi går opp i resepsjonen på kommunehuset. Spør kva som skjer her? Ho som sit der ringer ansvarleg for kyrkjekontoret, og får ikkje oppløftande svar (fyren verkar likegyldig og gjer tydeligvis blaffen i ansvaret sitt). Respesjonisten er nesten like oppgitt som oss. Eg blir forbanna. Forbanna på dei ansvarlege i kyrkjevalet i Øystre Slidre som tydeligvis finn ut at dei skal ta tidleg helg utan omsyn til demokratiet.
Så kjære Den norske kirke. Kjære kyrkjekontoret i Øystre Slidre. Sidan de klarte å kløne det til slik at eg ikkje fekk stemt, reknar eg med at de kan notere dykk stemma mi herfrå.
Hanne Blåfjelldal sin stemme til bispedømmerådet og Kyrkjemøtet. Eg stemmer på Åpen folkekirke.

Hanne Blåfjelldal sin stemme til soknerådsvalet i Lidar sokn
Kommentarer
Legg inn en kommentar